Drivande, dyktige næringsutøvarar i fokus

Nominasjonsprosessen er i gong for Bygdeutviklingprisen som kan lokke med 50.000 kroner i premie. No treng vi di hjelp til å finne fleire drivande, dyktige næringsutviklarar på bygda!

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.06.2013

No startar jakta på kandidatar til Bygdeutviklingsprisen og vi som står bak prisen, Innovasjon Norge og Fylkesmannen si landbruksavdeling, veit det er mange gode kandidatar der ute! Meld deg på sjølv eller "meld inn" nokon du veit om, slik at vi får dei fram i lyset, seier Jøran Orstad Johnsen i Innovasjon Norge Rogaland.

Premien på 50.000 kroner, skal delast ut på Gladmatfestivalen si hovudscene den 24. juli av fylkesordføraren, og dermed vankar det både heider, ære og ein del merksemd. Men Johnsen draumar og om noko enda større.

- Det er 11 år sidan Rogaland vant den nasjonale prisen. Eg vil snu kvar ein stein og blir ikkje fornøgd før vi klarer å få til ein regional dugnad for å finne ein aktør som har potensiale til å vinne den nasjonale prisen, ein skikkeleg satsar, seier han. Den nasjonale premien er på heile 250.000 kroner!

Kandidatane blir vurderte etter følgjande kriterium:
· Nyskaping/originalitet
· Økonomisk resultat/lønsemd
· Sysselsetting med fokus på underrepresenterte kjønn og ungdom
· Sosial og miljømessig berekraft, med bruk av lokale ressursar, fortrinn og ringverknader i lokalsamfunnet.

Rogalandsvinnaren i fjor kapra eit besøk av landbruksministeren, og Jan Terje Vignes frå Lauvsnes Gartneri på Finnøy blei både smigra og stolt over BU-prisen 2012. - Veldig kjekt at andre set pris på det vi gjere, seier Vignes.

Les meir og meld deg på her: http://www.innovasjonnorge.no

Kontakt:
Jøran Orstad Johnsen, rådgivar Innovasjon Norge Rogaland (+47) 99 03 11 49

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.