Bøndene i Rogaland investerer
Alle dei bedriftsretta BU-midlane blei brukt opp i 2013 og storparten av midlane har gått til 36 nye storfefjøs og 27 sauehus. Dette er vonleg eit godt teikn på at bøndene i fylket også vil investere i åra som kjem.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Det er Innovasjon Norge Rogaland som forvaltar dei bedriftsretta Bygdeutviklingsmidlane i Rogaland. BU-ramma for 2013 var om lag 40,8 millionar i tilskot og vel 86,5 millionar i låneramme for rentestøtte. Det ligg regionale strategiar til grunn for bruken av BU-midlane.
Rogaland er eit grasfylke, der beita utgjer ein svært viktig ressurs. Det er viktig å arbeide for eit aktivt og variert landbruk i heile fylket, men spesielt viktig er det at mjølkeproduksjonen i distrikta blir halden oppe. Dette ligg også i føringane for bruken av BU-midlane – og difor har distrikta prioritet. Og med grasarealet følgjer naturlegvis storfe og sau – slik at det er ku-/storfefjøs og sauehus som skal prioriterast med tilskot og rentestøtte. Så er det slik at bøndene i fylket i saman blir ein storprodusent av mykje variert kvalitetsmat – og meir mat skal produserast også i Rogaland. Storparten av BU-midlane skal difor nyttast til det tradisjonelle landbruket.
Sjå meir i vedlagte rapport.