Bærdyrkarar risikerer å stå utan rådgjeving
Haugaland Landbruksrådgjeving har lagt ned sitt tilbod om rådgjeving og bærdyrkarlaget står i fare for å bli nedlagt på årsmøtet i 2016.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Det er bakgrunnen for at Haugaland Landbruksrådgjeving (HLR) vil arrangere eit bærmøte på Særheim 11. januar. Bærdyrkarane i Rogaland har derfor eit dårleg rådgjevingstilbod i dag. HLR trur det vil bli vanskeleg å finansiere ein eigen bærrådgjevar i Rogaland, og har diskutert eit samarbeid med Norsk landbruksrådgjeving Agder. Det viktigaste temaet på møtet blir rådgjeving for bærdyrkarane i Rogaland i framtida.
For å få bærdyrkarane til å møte, vil det bli eit godt fagleg innhald på møtet. HLR har invitert Jan Karsten Henriksen frå NLR Agder til å halde foredrag.
Fylkesmannen i Rogaland finansierer møte med utgreiings- og tilretteleggingsmidlar. Vi grunngjev løyvinga med at frukt og bær er satsingsområder for landbruket i Rogaland. Vi ser at det skjer ein formidabel revitalisering i fruktnæringa gjennom «Fruktsatsinga». Derfor er det viktig at det blir set i gang tilsvarande prosessar for bærnæringa som vil måtte omhandle fornying, kompetanseheving, rekruttering og produktutvikling. Det er og viktig at rådgjevinga klarar å fornye seg slik at dei stadig er i front.
Les meir om saka på heimesida til Haugaland Landbruksrådgjeving her.