BU-prisen til Svein Narve Veshovda

Bygdeutviklingsprisen Rogaland 2013 har gått til ein kreativ bonde frå Eigersund. Prisen blei delt ut under Gladmat. 

 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 24.07.2013

Veshovda driv gard i Eigersund med 52 ammekyr, 34 storfe og 60 sauer. Garden er på 162 dekar fulldyrka og 713 dekar innmarksbeiete. Han er ein gründer med innovasjonstalent. Han har utvikla tre ulike sider av gardsdrifta, noko som har bidrege til næringsutvikling, nye produkt og ikkje minst berekraftige arbeidsplassar.

Oppfinnartalentet har gjort at han har utvikla Veshovda Gjerdesystem som er enklare og rimelegare enn tradisjonelle gjerder. Dette gjerdesystemet er patentsøkt. Veshovda er med i produsentsamanslutninga Dalane Mat som arbeider med kortreist kvalitetsmat der dei har fokus på berekraft, miljø og dyrevelferd. Dei produserer kalvekjøt frå dyr som beiter fritt og som ikkje får kraftfôr. Veshovda gard tek også samfunnsansvar og har inngått ein fem-årig avtale med kommunen om å ta imot to personar med psykiske funksjonshemningar og skuleelevar som treng enkstra støtte.

Bygdeutviklingsprisen Rogaland blir delt ut av Innovasjon Norge Rogaland og Fylkesmannens landbruksavdeling. Prisen er på 50.000 kroner. BU-prisen er landbrukets næringsutviklingspris og fylkesvinnaren går vidare som kandidat for å kjempe om den nasjonale BU-prisen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.