Utsira er Rogaland sin kandidat til nasjonal kulturlandskapspris 2020
Norsk Kulturarv samarbeider med Landbruks- og matdepartementet og Landbruksdirektoratet om å kåre vinnar av den årlege Nasjonale Kulturlandskapsprisen. Alle fylka er invitert til å nominere kandidatar til denne prisen.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 30.04.2020
I Rogaland fekk vi inn tre gode kandidatar:
- Åbødalen grunneierlag i Sauda kommune for skjøtsel av kulturlandskapet i Åbødalen.
- Per Johan Lyse i Tysvær kommune for mange år med aktiv innsats i kulturlandskapet.
- Utsira kommune og bøndene på Utsira etter heilskapleg innsats i mange år for å ta vare på kulturlandskapet på Utsira.
Etter ei samla vurdering er Fylkesmannen sin landbruksavdeling og miljøvernavdeling samde om at «Utsira kommune og bøndene på Utsira» er den beste kandidaten frå Rogaland i 2020.
Juryen som står for kåringa av årets pris er:
- Olaug Bollestad, Landbruks- og matminister - Juryleiar
- Lars Petter Bartnes, leiar i Norges Bondelag
- Kjersti Hoff, leiar i Norsk bonde- og småbrukarlag
- Jørn Rolfsen, administrerande direktør i Landbruksdirektoratet
- Hanna Geiran, riksantikvar
- Kirsti Kolle Grøndahl, styreleiar i Stiftelsen Norsk Kulturarv
Vi håper at Rogaland sin kandidat lik linje med Kvitsøybøndane i 2017, vinner denne gjeve prisen.
Kontaktpersoner
-
Nono Dimby
Tlf: 51 56 89 78