Treng du ein vipedisk til gjødslinga?
Vinterkulda er på hell og våren er i anmarsj. I år kan gardbrukarar som har vipereir på si eng få ein vipedisk til å leggja over reira under våronna. Prøveordninga i fjor ga gode tilbakemeldingar, og i år vil fleire kunne nytta seg av tilbodet.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Dei siste åra har det vore eit stort engasjement kring vipa, om korleis vi kan auke bestanden og få fleire fuglar på vingane. Agromiljø har utvikla ein vipedisk til å legge over reira under gjødsling. Vipedisken toler at slepeslangen går over disken og beskytter reira på ein god måte. Vipedisken blei testa ut i fjor med gode resultat. No har Miljødirektoratet gitt midlar slik at me kan få produsert fleire vipediskar. Me ønskjer at alle som bruker slepeslangar og som har vipereir på si mark bruker ein vipedisk slik at reira blir beskytta.
Her ser du vipedisken i bruk
Filmen er laga av Hå kommune og Fylkesmannen i Rogaland har støtta den økonomisk med klima- og miljøtiltaksmidlar. Du kan også lese meir om bøndene sine erfaringane med vipediskane i Bondevennen
Korleis kan du få ta i ein vipedisk?
Fleire entreprenørane fekk i fjor tildelt vipediskar for å kunne ta dei i bruk hjå dei som hadde viper. Dersom du leiger tenesta og veit om etablerte reir, ta kontakt med entreprenøren for å høyre om dei har vipedisk og kan leggje den ut før køyring.
Me ynskjer at dei som observerer reir kring våronna og som ynskjer å bruke ein vipedisk skal få låne ein vipedisk. Vipediskane er fordelt mellom fleire stadar i Rogaland, ta gjerne kontakt med kontaktpersonane lista under.
Kommune |
Kvar |
Kontaktperson |
Mobil |
e-post |
Hå |
|
Per Bjorland |
91579379 |
|
Klepp |
NLR, Særheim |
Arne Vagle |
90563861 |
|
Sola |
Sola Rådhus |
Aud Åse Mjølsnes / Randi Storhaug |
51653406/ 51653409 |
aud-ase.rosland.mjolsnes@sola.kommune.no
|
Haugesund |
NLR |
Håkon Pedersen |
94876870 |
|
Vindafjord |
NLR |
Bjørg Karin Dysjaland |
93840839 |
|
Stavanger |
Finnøy v/ Argomiljø |
Kyrre Vasstveit |
98291850 |
|
Satsinga er resultat av eit samarbeid mellom bønder, entreprenørar, Argomiljø og Statsforvaltaren i Rogaland.
Kontaktpersoner
-
Janne Breivik
Tlf: 51 56 87 85 -
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66