Meir penger til drenering!

Trass mykje snø og vanskeleg vær, er det mange som planlegg å drenere jorda si i år. Er du ein av dei? Det kan vere lurt for å sikre gode avlingar i ei framtid med meir ustabilt vær og nedbør.
Publisert 07.01.2025
Rogaland har igjen fått midlar til drenering for 2025 etter at bøndene i Rogaland drenerte for heile 11 424 000 kroner i 2024! Bønder og kommunar fortener verkeleg klapp på skuldra for denne innsatsen.
I år har Rogaland fått 9 000 000 kroner til drenering, og vårt håp er at bøndene i Rogaland klarer å bruke opp midlane.
Ta kontakt med ditt landbrukskontor og send søknad. Berre hugs at du må søke før du grev for å få tilskot.
Kontaktpersoner
-
Hedda Haugland
Tlf: 51 56 88 13 -
Nono Dimby
Tlf: 51 56 89 78

