Går du med ein god SMIL-ide?
Vinteren nærmar seg med stormskritt, og det blir kanskje meir tid til å planlegge? Vi minner om at du kan søkje SMIL-midlar heile året. Fleire kommunar har midlar igjen til gode tiltak.
SMIL-midlane (Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket) skal brukast på tiltak som fremmar natur- og kulturverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap og som reduserer forureining frå landbruket. Eigar eller leigar av ein landbrukseigedom der det er vanleg jordbruksproduksjon kan søkje om SMIL-midlar. Kort sagt; viss du kan søkje produksjonstilskot, kan du og søkje på SMIL.
Kommunane bestemmer sjølv kva dei skal prioritere å gi midlar til. Hovudsakleg skal midlane gå til:
- Å redusere forureining
- Ivareta natur- og kulturminna i jordbruket sitt kulturlandskap
- Miljøtiltak utover vanleg jordbruksdrift
- Planlegging- og tilretteleggingsprosjekt
Desse måla er breie, og prioriteringane i kommunane varierer. Kvar kommune har utarbeidd ein strategiplan der det står kva dei ønskjer å prioritere. Denne skal du kunne finne på kommunens eigne sider.
Krav til søknaden
SMIL-midlar er meint å brukast på eingongstiltak, og ikkje som eit tilskot for å halde vedlike allereie eksisterande miljøtiltak. Midlane går til miljøtiltak som er utover vanleg drift. Tiltak som følgjer forskriftskrav, til dømes tette gjødselportar, kvalifiserer ikkje for støtte frå SMIL.
Du må hugse å søkje på førehand. Kommunen kan ikkje løyve midlar til tiltak som allereie er påbegynt eller ferdigstilt.
Så viss du vil:
- brenne kystlynghei
- fjerne framande, skadelege artar i kulturlandskapet
- etablere fangdam
kan du søkje kommunen om støtte. Her fekk du nokre døme, men det er mange fleire tiltak som det kan søkjast for. Så, kva ventar du på?
Lenke til søknadsskjema finn du vedlagt.