Resirkulering av gjødselvatn i veksthus er eit godt miljøtiltak

Fylkesmannen i Rogaland samarbeider med veksthusnæringa for å få fleire til å resirkulere gjødselvatnet i gartneria

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 06.03.2020

Utfordringa med resirkulering er fare for plantesjukdommar og opphoping av nokre næringsstoff. Det krev også meir av gartnarane. Nick Starkey frå rådgjevingsfirmaet Grotek i Danmark var på fagdag om resirkuleringsanlegg hyra inn for å dele av sin kunnskap. Gartnarane som vil resirkulere blir anbefalt å desinfisere/reinse gjødselvatnet før det igjen blir brukt i produksjonen. Det finnest fleire metodar, mellom anna blir oppvarming, UV-lys og klor nytta. Starkey meiner oppvarming er den sikraste metoden for å ta knekken på plantesjukdommar. Han meiner også at Noreg, og særleg på Vestlandet, er heldige som har vatn utan mykje natrium. Likevel kan opphoping av natriumklorid vere eit problem, og gjødselvatn med mykje av dette saltet må somme stundar tas ut av systemet og handterast på andre måtar.    

Insitament for attvinning av næringsstoff

Fleire kommunar i Rogaland har allereie gitt SMIL-midlar til resirkuleringsanlegg for gjødselvatn i gartneri, og frå og med 2020 kan gartnarane søke om støtte frå Innovasjon Noreg til tiltak mot avrenning i veksthus. Resirkuleringsanlegg vil vere løysinga for mange, men IN kan òg gje støtte andre typar tiltak som reduserer avrenninga. For nokre av dei mindre gartneria kan det vere aktuelt å samle opp overskotsgjødsla og bruke den i frilandsproduksjon. I åra 2020–2024 er det opna for at gartnarane kan få støtte både frå Innovasjon Norge og kommunale SMIL-midlar slik vi raskare kan få på plass tiltak i gartneria i Rogaland.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner