Desse prosjekta fekk støtte med klima- og miljøtiltaksmiddel i 2024

Statsforvaltaren har løyvd middel til 11 ulike prosjekt som skal bidra til å løyse klima- og miljøutfordringane i Rogaland.

Publisert 03.05.2024

Statsforvaltaren blei tildelt 1 100 000 kr til klima- og miljøprogrammet, KMP i 2024. I tillegg er det dratt inn middel frå tidlegare, ikkje gjennomførte tiltak. Det blei sendt søknadar for over 2,3 millionar kroner i 2024.  

Desse prosjekta har fått støtte

Norsk Landbruksrådgivning SA

Demofelt mais fangvekster

59 400,00

Norsk Landbruksrådgivning SA

Kretsløpstolk melkebruk Hålandsvatnet

100 000,00

Norges Bondelag

Fagdag for vipe

12 500,00

Klepp kommune

Kartlegging av lagringsforhold for surfôr (silosaftprosjektet)

268 670,00

Norsk Landbruksrådgivning SA

Utarbeida læremateriell for kurs i lyngbrenning

90 000,00

Randaberg kommune

Rensepark Friheim - evaluering og veien videre

100 000,00

Randaberg kommune

Rensepark Kuvomma - evaluering og veien videre

100 000,00

Magnus Søyland

Spesialutdanning av lyngbrennere

49 792,50

Norges Bondelag

Verdiskapingsrapport Hålandsvatnet

67 813,00

Hå kommune Landbrukskontoret

Frivillige tiltak i landbruket Jæren

198 080,00

Tysvær kommune teknisk

Frivillige tiltak i landbruket Haugalandet

111 588,50

 

SUM

1 157 844,00

 

Kort om regionale klima- og miljøtiltaksmiddel

Statsforvaltaren i Rogaland forvaltar årleg middel frå Klima- og miljøprogrammet som kan brukast til å støtte prosjektsatsingar innanfor klima og miljø. Måla for er å bidra til:

  • At produksjonen av mat skal skjer med god ressursbruk og minst mogleg forureining, klimagassutslepp og tap av biomangfald
  • Å auke miljøtenestene frå landbruket som kulturlandskap, biologisk mangfald i kulturlandskapet, binding av karbon og produksjon av biogass.
  • Å tilpasse agronomi og dyrkingssystem til endra klima, med sikte på å oppretthalde eller auke matproduksjonen og ta vare på ressursane.

I utlysinga blei det presentert regionale prioriteringar etter kva for prosjekt me ynskja å støtte. I årets regionale prioritering av prosjekt så me etter søknader innan desse tema:

  • Fellestiltak som mobiliserer jordbruket til auka miljøinnsats for redusert tap av næringsstoff til sårbare vassdrag. Hålandsvatnet er særleg prioritert.
  • Prosjekt som styrkar klimavenleg driftspraksis i jordbruket.
  • Prosjekt innan følgjande tema:
    • Reinseteknikkar for vaskevatn frå landbruksbygg.
    • Informasjonstiltak om rett og god bruk av husdyrgjødsel.
    • Effekt av spreieteknikk på avrenning av husdyrgjødsel.
    • Kartlegging av avdrift frå spreiing av husdyrgjødsel med gjødselkanon.
    • Erfaringsutveksling, bruk av resirkuleringsanlegg for gjødselvatn i veksthus og oppfølging av gartnarane.
    • Mobilisering for pollinatortiltak.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.