Mobiliserer for frivillige miljøtiltak på Haugalandet

Kommunane på Haugalandet tek grep for å redusere avrenninga frå jordbruket til bekker, elver, innsjøar og sjø. Nyleg blei prosjektet ‘Frivillige tiltak i landbruket – Haugalandet’  etablert som eit samarbeid mellom Vindafjord, Haugesund, Karmøy og Bokn der Vindafjord har arbeidsgivaransvaret.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.10.2019

Her er Emilie Moi Eikje tilsett for å informere og motivere bøndene til å gjere miljøtiltak på eigen driftseining.

Ho startar å arbeidet med gardsbesøk kring Skjoldafjorden i Vindafjord. Her kan bøndene frå og med 2020 få regionalt miljøtilskot til Miljøavtalar. Miljøavtalane regulerer mellom anna fosforgjødslinga, og er eit av fleire frivillige tiltak bøndene kan gjere. I tillegg startar ho med å besøke bønder ved Hilleslandsvatnet i Karmøy. Hovuddelen av arbeidet går ut på å drive aktiv informasjon om både tilskotsordningar og regelverk. – Satsinga er nødvendig for å nå miljømåla i våre vassdrag, seier Sven-Kato Ege, vannområdekoordinator i Haugaland vannområde. – Avrenning frå jordbruk er ein viktig årsak til at den økologiske tilstanden i vassdraga på Haugalandet ikkje oppnår miljømåla i vannforskriften.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner