Krafttak mot piggtråd

Fjerning av piggtråd vil gjere det tryggare å ferdast i kulturlandskapet . Foto: Nono Dimby Foto: Nono Dimby.

I 2021 har Statsforvaltaren inngått eit samarbeid med kommunane i Rogaland og bondelaga for å motivere gardbrukarar til å fjerne piggtrådgjerde.Prosjektet er kalla «piggfrie gardsbruk 2021». Målsettinga er å fjerne gamal og/eller ståande piggtråd i landbruket. Gardbrukaren blir honorert med tilskot og rabatt ved innkjøp av piggfri stålwire.

Publisert 22.02.2021

Kvifor piggfritt?

Bakgrunnen for prosjektet «Piggfrie gardsbruk 2021» er dyrevelferdslova frå 01.01.2010. Etter § 15 i dyrevelferdslova er det forbode å nytta piggtråd til gjerde for å regulere dyrs ferdsel. Med dyrs ferdsel meinast det i hovudsak husdyr, vilt og kjæledyr. Dette gjeld også gjerde rundt hytter og langs med veg.

SMIL-ordninga

Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) skal motivere aktive bønder til frivillig innsats for å ta vare på kulturlandskapet og biologisk mangfald, samt hindre ureining. Fjerning av piggtråd er ein del av ordninga for å motivere bøndene til å fjerne gamal og/ eller ståande piggtråd, men dei presenterte tilskotssatsane gjeld inneverande år. Søknad om tilskot leverer gardbrukaren i Altinn. 

Tilskot og rabatt

Tilrådde kommunale satsar for fjerning er frå 10 til 15 kr pr. meter piggtråd alt etter terreng, tilgjengelegheit og om det er piggtråd i ulike høgdar. I tilskotssatsen er det tatt høgde for innkjøp og arbeid med å erstatte piggtråden med piggfri gjerdetråd. Det er også sett ein sats for arbeidstimar på 330 kr pr. time for person, og 600 kr pr. time for person med traktor. Dersom det blir gitt tilskot per arbeidstime fell tilskot pr. meter bort.

Gamal piggtråd kan gardbrukaren levere til ein attvinningsstasjon. Dei får då betalt marknadspris for innlevering av stål, satsen er om lag 800 kr pr. tonn.

Felleskjøpet Rogaland Agder gir 10 prosent rabatt ved kjøp av ny piggfri stålwire. Tilbodet er avgrensa til Rogaland, og gjeld ut 2021.

Korleis skal arbeidet dokumenterast?

For å få utbetalt tilskot ved fjerning av piggtråd skal følgjande dokumentasjon leggast ved rapporteringa:

  • Detaljert timeliste for utført arbeid (frå fjerning av piggtråd til piggfritt alternativ er sett opp).
  • Kvittering for leveranse av piggtråd til godkjend mottak
  • Kvittering for innkjøp av piggfritt alternativ, gjeld ståande piggtråd
  • Kommunane kan óg setja krav til fotodokumentasjon før/under og etter eventuell innlevering på oppsamlingsplass.

Søknad om SMIL midlar sendast digitalt via Altinn. Dokumentasjonen sendast saman med søknaden som vedlegg. 

Vi håper bøndene i Rogaland vil støtte opp om satsinga i 2021. Eit kulturlandskap utan piggtråd trygger ferdselen for dyr og menneske og fremmer god dyrevelferd.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner