Kommunane tek ansvar for Jærvassdraga

Arbeidet med å motivere bøndene på Jæren til frivillig innsats for betre vassdrag held fram med nye fjes og ny forankring. Frå 1. januar 2019 overtek Hå kommune arbeidsgivaransvaret for satsinga «Frivillige tiltak i landbruket». Med på laget har dei kommunane; Klepp, Time, Sola, Sandnes, Gjesdal, Stavanger og Randaberg samt Fylkesmannen og Rogaland fylkeskommune.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.12.2018

Frivillge tiltak for betre vasskvalitet

Frivillige tiltak i landbruket starta opp i 2004. Målet var å motivere bøndene til å gjennomføre kostnadseffektive tiltak for å redusere tapa av næringsstoff frå jordbruket til vassdraga på Jæren. Det som først skulle vere eit treårig prosjekt i Rogaland landbruksselskap har blitt utvida gong på gong. Olav Husveg og Olaf Gjedrem har heile tida vore prosjektleiarar, og Olav og Olaf har så å seie blitt eit omgrep på Jæren. God kontakt med næringa og med bøndene har hatt førsteprioritet. Tillita dei har bygd opp har mykje av æra for at vi har lukkast med tiltak som m.a. Miljøavtalar, Miljøvenleg gjødselspreiing sedimentasjonsdammar ved grønsaksareal og ugjødsla randsoner.

 

Nye prosjektleiarar er på plass

Begge går av med pensjon i 2019, og frå nyttår startar Per Bjorland og Anne Marie Lerang i kvar sin 60 -prosent stilling med Hå kommune som arbeidsgivar. Kommunane har vore tydelege i sin tilbakemelding på at frivillige tiltak er svært viktig i arbeidet med å nå måla i vassforskrifta om god økologisk tilstand i vassdraga. Dei har heilt frå starten i 2004 bidrege økonomisk, og vil vere med på spleiselaget i nye tre år.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner