Kommunane tar tak i miljøutfordringa gjennom SMIL-ordninga

Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) skal motivere aktive bønder til frivillig innsats for å ta vare på kulturlandskapet og biologisk mangfald, samt hindre ureining. Rogalandsbøndene og kommunane har i 2020 tatt ansvar for å redusere ureining frå landbruket.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.12.2020

Fylkesmannen sine årlege rapportar på bruk av SMIL-midlar er grunnlag for Landbruksdirektoratet sin fordeling av midlar mellom fylka det kommane året. I 2020 har Rogaland hatt 12,1 millionar i disponible SMIL-midlar, og per 3. desember er 8,7 millionar av desse løyvd til gode tiltak i landbruket. 

Mål for SMIL i 2020

Nasjonale målsettingar for SMIL er å redusere ureining og ivareta biologisk mangfald. Rogaland støtta opp om desse måla, og styringsgruppa for SMIL og RMP i Rogaland sette eit mål for 2020 om at minst 35 prosent av SMIL skulle gå til ureiningstiltak. 

Over 170 søknadar i 2020

Av totalt 173 søknadar på SMIL-midlar i 2020 er 123 innvilga og 15 søknadar avvist. 35 søknadar er under handsaming og fleire av desse er ureiningstiltak. Kommunane har følgt oppmodinga om nøye prioritering av bruken av midlane. Kommunane med størst utfordringar på vasskvalitet har fått tildelt mest SMIL-midlar. Tabellen viser fordeling på løyvde SMIL-midlar per 3. desember 2020:

Minst ein tredjedel av midlane går til ureiningstiltak

Rogaland når målet om minst 35 prosent av SMIL til ureiningstiltak. Det går også 35 prosent av midlane til tiltak knytt til kulturlandskap og biologisk mangfald (kystlynghei). Noko SMIL-midlar blei òg nytta til «vipe-diskar». Restaurering av bygningar og steingardar har låg prioritet i fylket. Fylkesmannen kan likevel stå inne for at 30 prosent av midlane er godt og riktig nytta til restaurering av kulturminne.

Takk til alle bønder som tok utfordringa med å søke SMIL-midlar gjennom dette spesielle året. Dykk Rogalandsbønder er hovudårsaka til at Rogaland når våre regionale SMIL-mål for 2020.

Prioriteringar i 2021

Tiltak mot forureining og for å ivareta biologisk mangfald ha høg prioritet òg i 2021. Vi håper at fleire bønder også ser miljønytten av å søkja SMIL-midlar til dekke over utvendig gjødsellager. Ein prioritert SMIL-satsing i 2021 er å fjerne av gamal piggtråd i kulturlandskapet. Fylkesmannen, kommunane og mange aktørar er villige til å vere med på «piggtråd-deg-vekk».

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner