Utlysing av midlar til regionale klima- og miljøtiltak
Prosjekt som kan bidra til å løyse våre regionale utfordringar på klima- og miljøområdet kan få økonomisk støtte frå Fylkesmannen i Rogaland. Frist for å søkje er 15. mars.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Regionale prioriteringar
Søknadar som understøtter strategiar i Regionalplan landbruk om miljø- og klimatiltak i jordbruket, og nasjonale føringar om å prioritere klimagassutslepp/karbondbindeing vil bli prioritert. I 2017 ønskjer vi særskilt å få inn søknadar på følgjande område:
- Fellestiltak som mobiliserer jordbruket til auka miljøinnsats
- Prosjekt som mobiliserer til reduksjon av klimagassutslepp i jordbruket
- Prosjekt innan følgjande tema:
- Utvikling av rettleiar for handtering av vaskevatn i driftsbygningar
- Miljøråd på gardsbruk
- Vurdering av grøfteavrenning frå jordbruket med omsyn til næringsinnhald og plantevernmiddel
- Gjenbruk av veksthusmatter frå drivhus
Fylkesmannen vil maksimalt gi tilskot inntil 70 % av prosjektet sin totale kostnadsramme. I særlege tilfelle kan det bli gitt tilskot utover dette.
Innsending av søknad
Søknaden skal sendast per post eller e-post til:
Fylkesmannen i Rogaland Landbruksavdelinga
pb 59
4001 Stavanger
E-post: fmropost@fylkesmannen.no
Frist for å søkje er 15. mars.
Krav til søknaden
Søknaden må minst innehalde følgjande:
- Grunnopplysningar:
- Prosjekteigar: Namn, organisasjonsnummer, Adresse, postnr, poststad, kontonummer, telefonnummer og e-postadresse
- Kontaktperson: Namn på kontaktperson/ansvarleg for prosjektet
- Namn på eventuelle samarbeidspartnarar
- Prosjektet sin tittel
- Prosjektperiode
- Prosjektet sine mål, eventuelt delt inn i hovudmål og prosjektmål
- Prosjektomtale:
- Bakgrunn
- Kva skal gjerast og korleis tenkjer de å gå fram?
- Framdriftsplan
- Økonomi.
- Kostnadsoverslag
- Finansieringsplan
Kontaktpersoner
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66