Utsett frist for etablering av vipe-striper i Regionalt miljøprogram
Ny frist for tilrettelegging av vipestriper er 25. mars. Dei som får problem med 25. mars kan ta kontakt med landbruksforvaltninga i kommunen og få fristen utsett til 1. april. Vipa er i gang med hekkinga, så vi ønskjer tidlegast mogleg jordarbeiding.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Samstundes er vi klare over at det mange stader er svært bløytt, og det er årsaka til at fristen blir utsett. Pløgd jord bør harvast eller slettast på anna vis. Vipa liker å ha det oversiktleg og flatt.
Gjeld bønder som er med på "vipe-striper" i Regionalt miljøprogram
Vipestripene er eit frivillig tiltak som gir rett til regionalt miljøtilskot. Bøndene søker tilskot i etterkant, og siste søknadsfrist er 15. oktober. I overkant av 50 bønder har meldt interesse for å vere med på "vipe-stripene" i år.
Kontaktpersoner
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66