Regionalt miljøtilskot 2020

Rogaland har 41,9 millionar kroner til regionalt miljøtilskot i 2020. Midlane går til jordbruksføretak som gjer miljøtiltak på si driftseining og som søker tilskot innan 15. oktober. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 25.05.2020

Regionalt miljøprogram gir oversikt over kva slags tiltak som gir tilskot i Rogaland. I Oversikt over tilskotsordningar og rettleiing til søknad om regionalt miljøtilskot i 2020 finn de førebelse tilskotssatsar. 

Nytt i 2020

Det er einskilde endringar i 2020 samanlikna med 2019:

  • Søkarane kan importere karttiltak frå 2019 inn i søknaden.
  • Tilskot til «vipestripe», tilrettelegging for hekke- og beiteområde for fugl er utvida til å gjelde i heile Rogaland for dei som meldte seg før 15. oktober 2019.
  • Det er gjeninnført tilskot til våtmarksbeiting, tilrettelegging for hekke- og beiteområde for fugl i verneområde som hadde dette tilskotet i 2018.
  • Det er innført tilskot til miljøavtalar i nedslagsfeltet til Skjoldafjorden.
  • Førebelse tilskotssatsar er justert for einskilde ordningar.
  • Føretak som er i driftsfellesskap får felles tilskotstak på ordningar som har dette.

Ordningar for å ta vare på kulturlandskapet

I Rogaland gir vi tilskot til areal som er særleg utsett for gjengroing og til utvalde område som er viktige av omsyn til turisme eller har særlege kulturhistoriske verdiar. 

  • Drift av bratt areal
  • Drift av beitelag
  • Beiting av verdifulle jordbrukslandskap i innmark: 
    • Suldal kommune:
      • Litlehamar
      • Klungtveit
      • Mokleiv
      • Lali
      • Hamrebø
    • Lysefjorden: Gjeld jordbruksareal øst for Lysefjordbrua
    • Bjerkreim kommune:
      • Dyrskog ved Ørsdalsvatnet

Ordningar for biologisk mangfald

Målet med regionalt miljøtilskot er å legge til rette for frivillig skjøtsel av viktige naturverdiar i Rogaland. Ein særleg posisjon har kystlyngheia, men òg andre registrerte naturtypar gir tilskot: 

  • Slått av slåttemyr eller slåttemark
  • Beiting av kystlynghei
  • Skjøtsel av biologisk verdifulle areal:
    • Naturbeitemark
    • Hagemark
    • Myr ved jordbruksareal
  • Skjøtsel av styvingstre
  • Soner for pollinerande insekt
  • Tilrettelegging av hekke- og beiteområde for fugl
    • vipestriper innmeldt før 15. oktober 2019
    • våtmarksbeiting

Ordningar for å ta vare på kulturminne og kulturmiljø

I Rogaland finst det i dag om lag 20 000 automatisk freda kulturminne (det vil seie kulturminne eldre enn 1537 e.Kr).  Kulturminna er ein viktig del av kulturarva vår. Gjennom Regionalt miljøprogram blir det gitt tilskot til å skjøtte kulturminne knytt til jordbruksareal, og for at det i drifta av arealet blir tatt ekstra omsyn. Det blir også gitt tilskot til drift av seter med mjølkeproduksjon. 

Friluftsliv

Gåturar gjennom jordbrukslandskapet gir gode opplevingar, og er verdifulle både for folkehelsa og befolkninga si oppleving av jordbruket. I Rogaland blir det gitt tilskot til turstiar som ligg på jordbruksareal. Tilskotet skal stimulere til, og gi betaling for at jordbruksføretak legg til rette for ferdsel på eigedomen. Tilrettelegging er med på å styre ferdsla til dei områda grunneigar ønskjer. Slik tilrettelegging kan vere med på å dempe konfliktar mellom gardbrukarar og turgåarar.

Ordningar for å miske næringsavrenning til vatn og for minske utslepp til luft

Grasdekt sone i åker.
Grasdekt sone i åker.

I Rogaland er avrenning frå jordbruk ei av kjeldene til at mange vassdrag ikkje har god nok tilstand jamfør vassforskrifta. Dette gjeld særleg i dei sentrale jordbruksområda på Jæren og på Haugalandet, noko som kjem tydeleg fram i Regional plan for vannregion Rogaland 2016 – 2021. Planen prioriterer vassdrag, og peiker på at frivillige tiltak er viktig for å nå mål om betre vasstilstand. Tiltaka som gir regionalt miljøtilskot er: 

  • Fangvekstar sådd etter hausting
  • Grasdekt sone i åker
  • Kantsone i eng
  • Miljøvenleg gjødselspreiing
    • nedlegging og nedfelling med ekstra tilskot til slepeslangar
  • Miljøavtalar i utvalde vassdrag: 
    • Trinn 1:
      • Håelva utanom Tverråna (2019 – 2021)
      • Skjoldafjorden (2020 – 2022)
    • Trinn 2:
      • Tverråna (2018– 2020)
      • Salteåna (2019 – 2021)
      • Stangelandsåna (2019 – 2021)
      • Storåna (2019 – 2021)

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.