Nå kan du søkje regionalt miljøtilskot for 2024!
Har du beiting i bratt areal, driv skjøtsel av kystlynghei, vedlikeheld du turstiar i jordbrukslandskapet, eller sår fangvekstar? Da kan du søke tilskot for desse tiltaka og fleire andre igjennom regionalt miljøprogram (RMP). Hugs søknadsfristen 15. oktober!
Søk tilskot!
15. september opnar søknadsomgangen for RMP og du kan søkje tilskot igjennom regionalt miljøprogram, her finn du tilskotsordningar for RMP 2024.
Søknadsfristen er 15. oktober.
For seint leverte søknader blir trekt 1000 kroner per dag etter 15. oktober. Søknader levert etter 29. oktober vil bli avviste. For søknadar levert før 15. oktober er det er mogleg å gjere endringar i søknaden fram til 29. oktober utan at det gjer trekk i tilskot.
Lever helst søknaden elektronisk
Du søkjer elektronisk via Altinn eller på papir til din kommune. Vi oppmodar alle å søkje elektronisk. Her finn du informasjon om søknadsprosessen og ei rettleiing om korleis ein søkje elektronisk.
Hugs å sjekke kvittering for innlevert søknad og ta vare på denne. Då kan du kontrollere at du har fått med alle opplysningar i søknaden og eventuelt endre søknaden.
Tiltaka skal teiknast inn i kart
I søknaden skal det vere med eit kart som viser kvar tiltaka er gjort. Ved elektronisk søknad startar søknadsprosessen med å teikne i elektronisk kart som seinare i søknadsprosessen blir overført til søknaden. Dei som søkjer på papir må levere både søknadsskjema og kart som viser kvar tiltaka er gjort. Kommunen vil deretter teikne inn tiltaka i saksbehandlarsystemet.
Nokre av tilskotsordningane er avgrensa til definerte område, temakart-Rogaland/RMP vise desse ordningane og deira geografiske avgrensing.
Vilkår for tilskot
Som søkjar er det viktig at du set deg inn i vilkåra for tilskotet, og at du gir korrekt informasjon. Ved feilopplysningar i søknaden kan tilskotet bli avkorta.
Ta kontakt med landbrukskontoret i din kommune dersom du har spørsmål til søknaden.
Kontaktpersoner
Lenker
Dokumenter
- Veiledningshefte RMP 2024.pdf
- Rundskriv frå Statsforvaltaren til regionalt miljøprogram i Rogaland 2024 (pdf)
- Rundskriv frå Landbruksdirektoratet om regionalt miljøprogram 2024
- Førebels tilskotsats RMP 2024.pdf
- Skjema for å levere papirsøknad om regionalt miljøtilskot 2024 - Nynorsk (pdf)
- Skjema for å levere papirsøknad om regionalt miljøtilskudd 2024 - Bokmål (pdf)