Frå 15. september kan du søkje regionalt miljøtilskot

Ønskjer du tilskot til turstiar ved jordbruksareal må du hugse å søkje før 15. oktober

Tenkt å søkje tilskot til skjøtsel av bratt areal, turstiar, kystlynghei, miljøvenleg gjødselspreiing mv.? 15. september opnar søknadsportalen for regionalt miljøtilskot, og siste søknadsfrist er 15. oktober.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 15.09.2022

Sett deg inn i kva tilskotet går ut på

Når du leverer søknaden skriv du under på at du følgjer vilkåra for tilskot. Då er det nødvendig å ha lest dei på førehand. Informasjon om dei ulike tilskotsordningane finn du i denne nettsaka, og informasjon om dei generelle krava for tilskot finn du her. Dersom du ikkje leste utbetalingsbrevet for 2021-søknaden, kan det vere greitt å ta ein titt før du søkjer på nytt. Kommunen har ofte kommentarar til søknadane, og dei finn du i utbetalingsbrevet. Merk at det er den som diponerer arealet som skal søkje tilskotet (normalt den som søkjer produksjonstilskot på arealet). Har du spørsmål om tilskotet kan du ta kontakt med kommunal landbruksforvaltning. 

Lever helst søknaden elektronisk

Søknaden kan du levere på papirskjema til kommunen, men helst ser vi at du brukar det digitale søknadsskjemaet i Altinn. Her teiknar du samtidig inn i kart kvar miljøtiltaka er gjort. Du kan importere kartdata frå tidlegare år, berre sjekk at dei framleis er rette før du leverer søknaden. 

Hugs å sjekke kvittering for innlevert søknad og ta vare på denne. Då kan du kontrollere at du har fått med alle opplysningar i søknaden og eventuelt endre søknaden.

Ta kontakt med landbrukskontoret i din kommune dersom du har spørsmål eller treng hjelp med søknaden.

God søknad!

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.