Endelege tilskotssatsar for regionalt miljøtilskot i 2019

Rogaland sin totalramme på 40,1 mill. kr viste seg å ikkje halde når alle søknadane om regionalt miljøtilskot blei summert opp. Fylkesmannen var difor nøydd til å justere tilskotssatsane for 2019.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 30.01.2020

Bøndene søkjer tilskot til tiltak med førebelse tilskotssatsar

Regionalt miljøtilskot blir kvart år lyst ut med førebelse tilskotssatsar berekna ut frå forventa søknadsomfang. Når alle søknadene er behandla av kommunane, har Fylkesmannen ansvar for å justere tilskotssatsane i samsvar med økonomisk ramme. Kor mykje midlar Rogaland får til fordeling blir bestemt i dei årlege jordbruksoppgjera. I 2018 hadde Rogaland 37,6 mill. kr til fordeling, og i 2019 40,1 mill. kr.

Meir bratt areal og kystlynghei

Avviket frå forventa søknadsomfang skuldast fleire forhold. Nær 100 fleire landbruksføretak søkte tilskot i 2019 samanlikna med 2018. NIBIO sin nye høgdemodell for berekning av bratt areal er rausare med kva som er bratt enn den forrige. Difor viser statistikken meir bratt areal enn tidlegare. Auka merksemd på kystlynghei i tillegg til bortfall av krav til skjøtselsplan, har gitt ein tydeleg auke i søknadar om tilskot til beiting av kystlynghei. Tilskotsområdet for miljøvenleg gjødselspreiing blei utvida i 2019, og i tillegg er interessa for desse gjødselmetodande aukande.

Utfallet av førebelse tilskotssatsar var eit forbruk på 107 prosent av økonomisk ramme. Fylkesmannen valte i samråd med styringsgruppa å endre tilskotssatsen for følgande ordningar:

  • tilskot til drift av bratt areal
  • tilskot til beiting av kystlynghei
  • tilskot til nedfelling eller nedlegging av husdyrgjødsel
  • tilskot til spredning av husdyrgjødsel med tilførselsslange

Oversikt over endelege tilskotssatsar er å finne vedlagt.

 

  

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.