Endelege satsar for regionalt miljøtilskot 2024

Kyr på beite
Kyr på beite Foto: Tonje Rostad Solhus.

Så godt som heile potten på 83,8 millionar kroner er brukt opp til miljøtiltak i jordbruket.

Publisert 30.01.2025

Statsforvaltaren har i samråd med styringsgruppa for "Regionalt miljøprogram - RMP" og "Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket - SMIL" fastsett dei endelege satsane for regionalt miljøtilskot i 2024.

Dei økonomisk rammene for RMP var for søknadsomgangen 2024 på 83,8 millionar kroner. Justering av satsane gjer at 100 prosent av dei økonomiske rammene for RMP blir brukt opp i søknadsomgangen 2024 med eit forbruk på 83 618 495 kroner.

I botnen av denne artikkelen og i vedlegget til høgre kan du sjå dei endelege satsane fastsett av styringsgruppa i RMP og SMIL for søknadsomgangen 2024.

Utbetaling

I søknadsomgangen 2024 har kommunane førebels godkjende 2081 søknadar om regionalt miljøtilskot i Rogaland. Landbruksdirektoratet utbetaler tilskotet 13. mars 2025. Det blir ikkje sendt ut tilskotsbrev på papir, men søkjarar finn vedtaksbrevet i "Min meldingsboks" i Altinn. Søkjarane får varsel om brevet på e-post eller SMS.  

Klage på vedtak om utbetaling

Søkjarar som vil klage på vedtak om utbetaling av regionalt miljøtilskot må gjere det innan tre veker frå tilskotsbrevet er mottatt. Klagen skal dei rette til sin kommune. Dersom kommunen ikkje tek klagen til følgje, går saka vidare til Statsforvaltaren som er klageinstans for vedtak fatta av kommunen. 

Endeleg satsar RMP søknadsomgangen 2024

Tabell 1: Oversikt over RMP tiltak og dei endelege satsane fastsett av styringsgruppa i RMP og SMIL

Tiltak

Endeleg sats 2024

Kulturlandskap

 

Drift av bratt areal

 

Fulldyrka og overflatedyrka (1:5 og 1:3)

181 kr per dekar

Innmarksbeite (1:5 og 1:3)

161 kr per dekar

Beiting av verdifull jordbruksareal i innmark

 

 

500 kr per dekar

Drift av beitelag

 

 

25 kr per dyr

Biologisk mangfald

 

Slått av slåttemark og slåttemyr

 

 

2000 kr per dekar

Beiting av kystlynghei

 

Svært viktig

70 kr per dekar

Viktig

40 kr per dekar

Lokalt viktig

10 kr per dekar

Brenning av kystlynghei

 

 

400 kr per dekar

Skjøtsel av biologisk verdifullt areal

 

 

300 kr per dekar

Skjøtsel av trua naturtypar

 

 

500 kr per dekar

Skjøtsel av styvningstre

 

 

600 kr per tre ved styving

Soner for pollinerande insekt

 

Eiga stripe, generell frøblanding

50 kr per meter

Eiga stripe, regional frøblanding

70 kr per meter

Tilgrensande kantsone

70 kr per meter

Tilrettelegging av hekke- og beiteområde for fugl

 

Vipestripe (Høg tilrettelegging)

900 kr per dekar

Våtmarksbeiting (Låg tilrettelegging)

500 kr per dekar

Kulturminner og kulturmiljø

 

Skjøtsel av automatisk freda kulturminne

 

 

100 kr per dekar

Skjøtsel av enkeltståande automatisk freda kulturminne

 

 

500 kr per gravminne

Drift av seter

 

4-6 veker

80 000 kr per seter

6 eller meir veker

120 000 kr per seter

Friluftsliv

 

Vedlikehald av turstiar i jordbrukslandskapet

 

 

9 kr per meter

Avrenning til vatn

 

Grasdekt kantsone i åker

 

Korn

35 kr per meter

Potet/grønsaker

55 kr per meter

Kantsone i eng

 

Prioriterte område

25 kr per meter

Andre område

10 kr per meter

Grasdekte vassvegar og grasstripe i åker

 

Korn

35 kr per meter

Potet/grønsaker

55 kr per meter

Utslepp til luft

 

Nedfelling av husdyrgjødsel

 

 

81 kr per dekar

Nedlegging av husdyrgjødsel

 

 

81 kr per dekar

Spreiing av husdyrgjødsel med tilførselsslange

 

 

51 kr per dekar

Jord og jordhelse

 

Fangvekst som underkultur

 

 

300 kr per dekar

Fangvekst sådd etter hausting

 

 

300 kr per dekar

Spreiing av biokol

 

 

15 kr per kg

Klimarådgiving og miljøavtaler

 

Klimarådgiving

 

To-til-ein rådgiving

8000 kr

Ein-til-ein rådgiving

6000 kr

Grupperådgiving

2000 kr

Miljøavtale

 

Trinn 1

100 kr per dekar

Trinn 2

95 kr per dekar

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.