Dette må du hugsa for å motta tilskot for miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel
Hugs at det er innført krav om at det maksimalt kan spreiiast 6 tonn per dekar (inkludert vatn) per gjødsling, og at siste spreiiedato er 10. august.
Vilkår for å kunne motta tilskot
For å kunne motta tilskot for miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel igjennom regionalt miljøtilskot (RMP) er det ein rekke vilkår som må oppfyljast.
Det blei i 2023 innført ei maks grense på kor mykje gjødsle ein kan spreie for å motta tilskot. Det skal minimum spreiast 5 kg total-nitrogen i husdyrgjødsla per dekar og maksimalt 6 tonn per dekar (inkludert vatn) per gjødsling.
Siste spreiedato for å kunne motta tilskot et 10. august.
For å kunne motta tilskot skal føretaket ha ein gyldig gjødslingsplan og skiftenoteringar som syner spreiedato og gjødselmengde spreidd per dekar. All bruk av gjødsel skal kome fram av gjødslingsplanen.
Det er den som disponere arealet som skal søke tilskot (dvs. den som søker og mottar PT-tilskot på arealet).
Igjennom regionalt miljøtilskot gis det tilskot for miljøvenleg gjødselspreiing ved bruk av nedfelling og nedlegging, og i tillegg gis det tilskot for bruk av tilførselsslange. Det er viktig å merke seg at tilskot for bruk av tilførselslange berre gis til areal der nedfelling eller nedlegging er teke i bruk.
Her kan du lese meir om desse ordningane:
§ 22 Nedfelling av husdyrgjødsel