Søknadsmateriell for regionalt miljøtilskot 2016
Søknadsmateriell for Regionalt miljøprogram 2016 er no klart. Frå 1. august kan landbruksføretak i Rogaland søkje tilskot til tiltak som stettar viktige miljømål i fylket. Samanlikna med 2015 er det gjort nokre endringar i tilskota.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Dei viktigaste endringane er:
Fleire føretak i Forsand kan søkje tilskot
Fleire kan no søkje tilskot til slått og beite av lokalt viktige jordbrukslandskap, øyer, holmar og veglause område. Ofte kalla "Lysefjordordninga". Lysefjorden er utan tvil eit viktig turistmål, og målsetnaden med tilskotet er å stimulere til skjøtsel av jordbruksareal som er krevjande å bruke. Mellom anna blir sau kvart år frakta inn med båt for å beite landskapa langs fjorden.
Fleire tiltak for betre vasskvalitet
Storåna og Stangelandsåna i Sandnes, utvalde bekkefelt i Finnøy og Salteåna i Klepp har i 2016 blitt inkludet i ordninga med miljøavtale. Ein miljøavtale regulerar bruken av fosfor på jordbruksareal, og er eit sentralt tiltak for å nå måla om vasskvalitet etter Vannforskriften. I tillegg er området for tilskot til miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel blitt utvida til å gjelde heile Sandnes kommune. Frå før av kan landbruksføretak i Hå, Time, Klepp, Stavanger, Sola, Randaberg, Vindafjord og delar av Gjesdal og Tysvær søkje om tilskotet.
Forenkling av tilskot til skjøtsel av kystlynghei
Det er gjort endringar i tilskot til skjøtsel av kystlynghei. Tidlegare blei det gitt tilskot per dyr i nokre område, og tilskot per dekar i andre område. No er ordninga forenkla til ein tilskotssats per dekar for skjøtsel av kystlynghei med verdi A-, og ein tilskotssats per dekar for skjøtsel av kystlynghei med verdi B. Områda må vere innteikna i Miljødirektoratet sin kartbase "Naturbase".
Tilskot til beiting i utmark er tatt bort.
Etter tre år med svært mange feilsøknadar er tilskotsordninga som gjaldt tilskot til storfe av ekstensiv rase, og tilskot til ammegeit som beita i utmark tatt bort. Landbruksdirektoratet si omlegging av regionalt miljøtilskot i 2013 gav eit nasjonalt menysystem med generelle namn på tilskotsordningane. Utfordringa er at søkjaren ikkje ser dei regionale vilkåra for tilskot når dei søkjer digitalt, og ikkje bruker nok tid til å lese det regionale miljøprogrammet. Med omlegginga blei det svært mange feilopplysningar i søknadane. Særleg gjaldt dette tilskot til "sau/geit i utmark" og "storfe/hest", der mange søkte tilskot til sau i utmark.
Regionalt miljøtilskot er basert på tillit, og på at søkjarane sine opplysningar er korrekte. Når kommunen oppdagar at søkjaren sine opplysningar ikkje stemmer, og kunne ha ført til feil utbetaling, er dei pliktige til å vurdere avkorting. Det vil seie ein økonomisk reaksjon utover at feilopplysningane blir nulla ut. Feilsøknadane skapte så mykje meirarbeid i forvaltninga og fustrasjon blant søkjarane, at etter at tilskot til beiting i utmark blei styrka i produksjonstilskotet, fann Fylkesmannen det mest korrekt å fjerne tilskotet.
Øvrige endringar går fram av rettleiingsheftet. Her finn de også oversikt over førebelse tilskotssatsar.
Regionalt miljøprogram - miljøarbeid i praksis
Kvart fylke utarbeider 4- årige miljøprogram som set ramma for dei regionale miljøtilskota. Dei 4 orverordna miljømåla er:
- redusere forureining til vatn og luft
- ta vare på kulturlandskap og kulturminne
- legge til rette for friluftsliv
- ta vare på biologisk mangfald.
Økonomisk ramme for Regionalt miljøprogram blir sett under dei årlege jordbruksforhandlingane. I 2016 har Rogaland 31,5 millionar kroner til fordeling.