Prosjektmidlar til klima- og miljøtiltak

Frist for å søkje om regionale midlar til klima- og miljøtiltak er 13. mars. Fylkesmannen i Rogaland har i år kr 600 000 til fordeling til prosjekt som kan bidra til å løyse våre regionale utfordringar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 02.02.2015

 I tillegg er det mogleg å søkje midlar nasjonalt. Sjå meir informasjon på heimesida til Landbruksdirektoratet.   

Regionale prioriteringar
Søknadar som understøtter strategiar i Regionalplan landbruk om miljø- og klimatiltak i jordbruket vil bli prioritert. For 2015 ønskjer vi særskilt å få inn søknadar på følgjande område:

  • Fellestiltak som mobiliserer jordbruket til auka miljøinnsats

Prosjekt innan følgjande tema: 

  • Kartlegging av avlingsnivå på areal kor det er etablert miljøavtalar
  • Utvikling av rettleiar for handtering av vaskevatn i driftsbygningar
  • Vurdering av næringsavrenning frå veksthusproduksjon
  • Utvikling av rettleiar for bruk av husdyrgjødsel i juletreproduksjon
  • Evaluering av Lysefjordordninga i Regionalt miljøprogram
  • Bruk av kje til utsiktsrydding

Fylkesmannen vil maksimalt gi tilskot inntil 70 % av prosjektet sin totale kostnadsramme.  I særlege tilfelle kan det bli gitt tilskot utover dette.  

Søknaden skal sendast per post eller e-post til:

Fylkesmannen i Rogaland
Landbruksavdelinga
pb 59
4001 Stavanger

E-post: fmropost@fylkesmannen.no

 Søknaden må minst innehalde følgjande:

  1. Grunnopplysningar:
    1. Prosjekteigar: Namn, organisasjonsnummer, Adresse, postnr, poststad, kontonummer, telefonnummer og e-postadresse
    2. Kontaktperson: Namn på kontaktperson/ansvarleg for prosjektet
    3. Namn på eventuelle samarbeidspartnarar
  2. Prosjektet sin tittel
  3. Prosjektperiode
  4. Prosjektet sine mål, eventuelt delt inn i hovudmål og prosjektmål
  5. Prosjektomtale:
    1. Bakgrunn
    2. Kva skal gjerast og korleis tenkjer de å gå fram?
    3. Framdriftsplan
  6. Økonomi.
    1. Kostnadsoverslag
    2. Finansieringsplan

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner