Nytt Regionalt miljøprogram i Rogaland

Regionalt miljøprogram for Rogaland (2009 – 2012) er no ferdig utarbeidd.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.05.2009
På oppdrag frå Statens Landbruksforvaltning og avtalepartane i jordbruksoppgjeret, har Fylkesmannen saman med Rogaland Bondelag, Rogaland Bonde- og småbrukarlag, Forsøksringen, miljø- og kulturminneforvaltninga og representantar for kommunane revidert regionalt miljøprogram.
 
Nye ordningar i Regionalt miljøprogram for 2009 – 2012 er:
  •  Tilskot til fuglerike biotopar. Det er plukka ut enkelte avgrensa område som omfattar strandline i våtmarksreservat og ugjødsla lynghei og naturbeitemark som grensar inn mot reservat. For å redusere avrenning og tryggje/heve det biologiske mangfaldet i desse områda, vert det gitt tilskot for at områda vert beita, men ikkje gjødsla.
  • Tilskot til drift av jordbruksareal på bruka Litlehamar, Klungtveit, Mokleiv, Lali og Hamrabø i Suldal. Bakgrunnen for dette er at desse bruka har store kulturlandskapskvalitetar, både biologiske og kulturhistoriske verdiar. I tilegg er areala tungdrivne.
  • Tilskot til parkeringsplassar som ligg i tilknyting til turstiar som får tilskot gjennom Regionalt miljøprogram. Parkeringsplassane skal ha plass til minst 4 bilar.  
Justering av eksisterande ordningar:
  • Badeplassar som ligg i tilknyting til innmark og er ei naturleg forlenging av ein tursti, kan reknast inn som ein del av turstien. Tilskotet vert utrekna pr meter. Det vil ikkje verte tilskot til offentlege badeplassar.
  • I tillegg er det gjort endringar av førebels tilskotssats for enkelte ordningar.
Ordningar som er tatt ut:
  •  Det vert ikkje gitt tilskot til fangvekst i korn. Ordninga gjeld no berre fangvekst i tidlegkulturar som grønsak og potet.
  • Tilskot til ”Avfallshandtering og velstelte bruk” er tatt ut. Bakgrunnen for dette er at SLF og avtalepartane i den sentrale godkjenninga meinte at denne ordninga i for stor grad bar preg av å vere eit generelt stimuleringstilskot.
Det vert utarbeidd nyforskrift som vil bli sendt på høyring til kommunane og faglaga med det første.  
Gardbrukarane i Rogaland vil få tilsendt informasjonsbrosjyre og søknadsskjema for Regionalt miljøprogram i løpet av august.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.