Ny frist for utkøyring av husdyrgjødsel
Fylkesmannen i Rogaland endrar siste frist for spreiing av husdyrgjødsel frå 1. august til 15. august. Dette gjeld areal der det kan søkjast tilskot til miljøvenleg bruk av husdyrgjødsel frå Regionalt miljøprogram i 2013.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Ordinær frist for siste spreiing av husdyrgjødsel på omsøkt areal er 1. august. I år har det vore spesielle tilhøve med sein vår og førsteslått i heile virkeområdet for tilskotet. Det vil påverke tidspunktet for 2. slått og påfølgjande utkøyring av husdyrgjødsel. Fylkesmannen finn difor grunn til å utsetje fristen for siste spreiing og tøyming av lager for husdyrgjødsel til 15. august. Dette er gjort med heimel i § 24 pkt. d) i forskrift av 07.06.2013 nr 604 om tilskot til miljøtiltak i jordbruket, Rogaland.
Kontaktpersoner
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66