Frist for spreiing av husdyrgjødsel er utsett til 20. august
Utsettinga gjeld føretak som vil søkje tilskot frå regionalt miljøprogram til miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 02.08.2016
Årsaka er mykje nedbør i seinare tid, samt værmelding om nedbør fram til 10. august. Mange av føretaka har ennå ikkje tatt 2. slåtten, og vil få problem med å greie å kjøre ut husdyrgjødsla før 10. august. Fylkesmannen kan ved særlege klimatiske tilhøve utsette fristen for spreiing av husdyrgjødsel.
Ny frist for siste spreiing av husdyrgjødsel på areal det blir søkt tilskot er 20. august.
Kontaktpersoner
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66