Gjødslingsplan - all gjødsla må med
Føretak som driv med planteproduksjon må ha årleg gjødslingsplan. Manglande eller mangelfull gjødslingsplan vil føre til avkorting av areal- og kulturlandskapstilskotet. Det kan fort bli unødvendig dyrt.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Gjødslingsplanen skal gi grunnlag for kvalitetsmessig god avling. Planen skal sikre god utnytting av mineralgjødsel og husdyrgjødsel, og avgrense tap av næringsstoff frå jordbruksareal til vatn og luft. Sjølv om regelverket er frå 1999, ser vi framleis at fleire føretak har manglande eller mangelfull gjødslingsplan. Vi finn særleg grunn til å peike på følgjande:
Gjødslingsplanen skal vere årleg
Gjødslingsplanen skal vere utarbeidd før kvar vekstsesong. Det blir ikkje stilt krav til kven som kan utarbeide plan, men til innhald og oppsett. Tidlegare laga rådgjevinga fem-årige planar til dei med einsidig grasproduksjon. Denne praksisen er no endra, og vi understreker at også dei med einsidig grasproduksjon må ha årleg gjødslingsplan.
Kommunen kan godkjenne gjødslingsplan som varer i inntil fem år for dei som har færre enn 5 gjødseldyreiningar GDE (t.d. 35 vinterfôra sau), og ein enkel driftsform.
Oppsettet skal vere skiftevis, og eit kart skal vise skifteinndelinga
Planen skal ikkje vere generell ut i frå type vekst, men vere bygd opp rundt skifta. For kvart skifte skal planen innehalde opplysningar om:
- Storleiken på skiftet, resultata frå jordprøvane, forgrøde, årets vekst, forventa avlingsnivå og gjødslingsbehov.
- Planlagt gjødsling av husdyrgjødsel og mineralgjødsel. Type gjødsel, mengder og antatt spreietidspunkt skal gå fram av planen.
Hugs å få med alt areal, og ver særleg merksam på leigejord. Det er den som disponerer arealet ved søknad om produksjonstilskot som har ansvar for at det ligg føre ein gjødslingsplan for arealet.
All bruk av husdyrgjødsel skal gå fram av planen
Mottek du husdyrgjødsel frå andre, eller andre disponerer spreieareal på jorda du driv, er det du som er ansvarleg for at mengd gjødsel som blir spreidd går fram av din plan. Opplysningane om husdyrgjødsel skal vere tatt inn i planen før gjødslinga tek til.
Mange tek i mot fjørfegjødsel frå andre. Korleis du bruker denne gjødsla på din gard må gjerast greie for i gjødslingsplanen. Du skal kvittere for mottatt av gjødsel, og på kvitteringa skal det det gå fram dato, mengd, type gjødsel og eventuell vasstilsetting.
Skifte av type mineralgjødsel
Vel du å bruke ei anna type mineralgjødsel enn det rådgjevinga har lagt opp til, så må du justere gjødslingsplanen. Landbruksforvaltninga kan krevje dokumentasjon på innkjøp av gjødsel, og det skal vere samsvar mellom type gjødsel brukt, og type gjødsel i gjødslingsplanen/justert gjødslingsplan.
Mengd gjødsel skal vere forsvarleg
For å unngå opphoping av store mengder fosfor på einskilde skifte, typisk skifta nærmast gjødsellageret, skal husdyrgjødsela skal fordelast på tilgjengeleg spreieareal. Areal som i praksis ikkje blir gjødsla med husdyrgjødsel vil ikkje telle som spreieareal. Særleg dei som som nyttar konsentrert gjødsel som fjørfegjødsel må sikre forsvarleg fordeling av denne.
Kontaktpersoner
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66 -
Nono Dimby
Tlf: 51 56 89 78