Velkomen til fagdag om beite, dyrevelferd og direktesal
![](/siteassets/fm-rogaland/bilder-fmro/landbruk/okologisk-landbruk/fag--og-inspirasjonssamling/beite_horgen-gard_marit-bjornstad.jpg)
Velkomen til en dag med spennande foredrag og drøs, på Øksnavad torsdag 26. september.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Program
9:30 Kaffi, kringler og drøs
9:50 Landbruk og karbonfangst – og eit betre liv? Ved Gudbrand Johannes Qvale
Landbruket er ein viktig del av karbonkretsløpet. Kor mykje karbon vi klarer å binde i jorda er avhengig korleis vi driv produksjonen. På Horgen Gard har dei praktisert målretta beiting - «holistic planned grazing» - i 10 år, med sin besetning av 50 mordyr Aberdeen Angus Dyra er 100% grasfora og ute heile året. Alt kjøt bli selt direkte til forbrukarar, butikk eller restaurant.
Gudbrand fortel oss om vegen til eit regenerativt landbruk, gjer oss eit innblikk i korleis ein styrer holistisk beitemanagament og fortel om praktisk gjennomføring av drifta.
11:50 Pause med enkel lunsj
12:30 God dyrevelferd i eigen besetning ved Siv Meling
Siv Meling er veterinær og driv gard på Austre Åmøy med norsk kvit sau og Skotsk Høglandsfé.
13:50 Bier og blomar. Erfaringar i år med etablering av ulike pollinatorartar.
Ane Harestad frå Norsk Landbruksrådgiving Rogaland fortel om erfaringar gjort i år.
14:05 Vi fyller kaffikoppar
14:15 Er direktesal eit levebrød?
Kontakt med forbrukarar byggjer tillit og sal utan mellomledd betyr større inntening. Kan det vere eit alternativ til omsetnad gjennom kjedene? Korleis virkar det?
- Marianne Haga, mjølkeprodusent frå Sandnes og ein av initiativtakarar for Reko-ring Sandnes/ Stavanger, fortel om erfaringane med Reko
- Gardsutsal nn.
15:10 Vel heim!
Med atterhald om endringar i programmet.
Grunna matservering ber vi om påmelding til fmroapf@fylkesmannen.no innan 24.sept. Deltakinga er gratis!
Arrangementet er eit samarbeid mellom Økologisk Rogaland, Rogaland Bonde- og Småbrukarlag, Rogaland Bondelaget og Norsk Landbruksrådgiving Rogaland med støtte frå Fylkesmannen.