Sommarbesøk hos bønder

Jørgen Wølstad med tilsette. Foto: Hedda Haugland

Ferien er over, og kvardagen står for tur. For bøndene har det vore høgsesong og mykje arbeid.

Publisert 07.08.2024

Me var ute og forhøyrte oss om korleis denne sommaren har vore fram til no.

Arnstein Røyneberg er en kjent aktør i regionen og driv saman med kona Anne Kristin med mjølk- og kjøtproduksjon i Sola. Dei er ei familiebedrift med ein fast tilsett utanom.

Arnstein blei tidlegare i år valt til ny styreleiar i Norsk landbruksrådgiving (NLR SA), og kom tilbake frå styremøte i Trondheim kvelden før. Vi var så heldige å få låne ein time av Arnstein sin travle kvardag der me fekk anledning til ein god, fagleg prat og omvising i hans store driftsbygning på Røyneberg.

imagelecyl9.png

Foto: Anders Bøen Gravdal

Vi helste og på ein av avløysarane til Arnstein.

- Det er ingen problem å få tak i avløsarar. Dei står nærast og bankar på døra, seier Arnstein Røyneberg.

Med hjelp av to mjølkerobotar produserer 100 kyr om lag 860 tonn mjølk. Totalt har han 500 storfe i fjøset. Dei driv ca 1400 mål med jord, og er nettopp ferdige med 3. slåtten. Dei hausta 900 mål på ein dag.

- Det blir fire slåttar i år, seier han.  

Turen gjekk vidare i retning Hålandsvatnet, og der vart me møtt av skilting for sjølvplukk av bringebær.

imaged9mz.png

Foto: Hedda Haugland

Kom til Wølstad gartneri og bli med på en morsom sommeraktivitet for hele familien og vennegjengen. Ingenting slår følelsen av å plukke ferske bringebær rett fra buskene, mens man nyter vår deilige hjemmelagde saft.

Kom også innom sommerbutikken hvor dere finner masse forskjellig, alt fra saft og syltetøy til mye annet. Biene jobber også hardt for å få bringebærhonningen tilbake på hyllene.

Slik lyder det frå Wølstad sine eigne Facebooksider. Me er på besøk hos Jørgen Wølstad på Wølstad Gartneri i Sunde. Sola skin og det er allereie fullt på parkeringa i 11-tida. Det er stor aktivitet ute blant dei mange bringebærbuskane som strekk seg over heile 25 mål.

- Me hadde litt utfordringar i starten på vekstsesongen i år, men det kom seg veldig godt etter kvart, og me er godt fornøgde, forklarer Jørgen.

Medan me sit rundt lunsjbordet, må Jørgen diverre seia nei til folk som ringjer inn og ønskjer å komma og plukka denne dagen.

- Det er stor pågang med opp mot 60 reservasjonar på sjølplukk per dag, seier han.

Jørgen har 5 faste tilsette i tillegg til sesongarbeidarar, og dessutan mor og far som kallar seg aktive pensjonistar. Det må til når ein har ansvar for 5 mål med agurk som gir rundt 400 tonn i året, 8 mål med juletre, og dessutan ivrige sjølvplukkarar i bringebærsesongen.

Jørgen og Arnstein peikar på kor viktig det er å ta vare på jordbruksareal og dei grøne lungene rundt byane våre. Eit bodskap som er viktig for både folk og dyr. 

imageqo0di.png

Foto: Hedda Haugland

blobid4.jpgFoto: Anders Bøen Gravdal

imagejdgm.png

Foto: Anders Bøen Gravdal

imagercgqa.png

Foto: Hedda Haugland

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.