Søk regionale midlar til utviklingstiltak i landbruket

Helhetlig beiteplanlegging i holistic management.
Helhetlig beiteplanlegging i holistic management. Foto: Annabell Pfluger.

Rogaland fylkeskommune forvaltar to ordningar innan landbruk. Neste søknadsfrist er 18. oktober 2024.

Publisert 01.10.2024

Regionale tilretteleggingstiltak (RT-midlane)

Midlane til Regionale tilretteleggingstiltak i landbruket har som formål å støtte prosjekt som legg til rette for regional næringsutvikling, med mål om å utvikle og styrke verdiskaping i landbruket. Midlane skal gå til prosjekt som bidrar til omstilling og klimasmart utvikling av landbruket, herunder utvikling av garden sitt ressursgrunnlag, lokal mat, drikke og reiseliv innafor dei prioriterte satsingsområda for ordninga i Rogaland.  

Søknadsfristen er 18. oktober 2024. Søknaden fyllast ut og sendast inn via søknadsportalen til Regionalforvaltning

Rekruttering og kompetanseheving i landbruket (RK-midlane)

Midlane til Rekruttering og kompetanseheving i landbruket skal støtte prosjekt som bidrar til rekruttering, kompetansebygging og omdømme knytt til landbruket i Rogaland.

Gjennom denne tilskotsordninga kan kommunar, lag, organisasjonar og andre søke støtte til prosjekt som bidrar til auka verdiskaping og berekraftig utvikling i landbruket i Rogaland.

Søknader blir behandla løypande og må vere sendt inn innan 15. november 2024. Søknaden fyllast ut og sendast inn via søknadsportalen til Regionalforvaltning.  

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.