Rogaland stiller sterkt på Grüne Woche i Berlin

Den norske standen på Grüne Woche i Berlin.
Den norske standen på Grüne Woche i Berlin. Foto: Ingerid Wembstad.

I januar 2025 reiser 22 bedrifter frå Fjord-Noreg til Berlin for å delta på Grüne Woche (IGW), verdas største mat- og reiselivsmesse.

Publisert 21.10.2024

Eit overordna mål for deltakinga i 2025 er å knyta mat og reiseliv endå tettare saman. Målet er å byggja Noreg som ein større matdestinasjon med samarbeid og innovasjon på tvers av grenser og næringar. Utviklinga av lokalmat og grønt reiseliv er sentrale stikkord, og arbeidet som blir gjort i Berlin dannar grunnlag for vidare samarbeid og dialog heime.

Eit viktig stykke Noreg på den internasjonale scena

For norske matprodusentar landet rundt har messa vore ein viktig møteplass og utstillings- og testarena i over 30 år. Deltakinga er ein del av dei etablerte profileringstiltaka for norsk landbruk og norsk mat, og satsinga er i tråd med ønsket til regjeringa om å dobla omsetninga av norsk lokalmat innan 2035. Messa er òg ein arena for å diskutera næringsutvikling, politikk, og ambisjonane og måla til regionen med matsatsinga. 

For regionane Rogaland, Møre og Romsdal og Vestland er IGW ei strategisk moglegheit til å posisjonera seg som Noregs fremste mat- og reiselivsdestinasjon. Her har Rogaland og resten av region Vest framleis eit stort potensial.

I tillegg vil region Nord vera representert under messa i 2025 som vil tilføra endå ein spennande dimensjon til den norske standen. 

Ein unik arena for å visa fram det beste frå Rogaland

Med over 275 000 besøkjande og meir enn 1500 utstillarar frå 70 land, er IGW ein unik arena for å fremja det beste regionen har å by på til eit internasjonalt publikum. 

Og, det var i år rekordstor interesse frå bedrifter her i matfylket Rogaland for å få vera deltakar og ein del av fellesskapet på messa i 2025. Det vitnar om stor optimisme, ambisjonar og entusiasme hos lokalmatprodusentar her i fylket. Med mange sterke søknader vart utveljinga ei utfordrande oppgåve for prosjektgruppa, men til slutt enda valet på følgjande bedrifter frå Rogaland:

Jerseymeieriet
Ryfylke Gardsysteri
Toppsopp
Oxe Burger Skeie Gård 
Fuglestein Fruktgard

I tillegg vil Smaken av Ryfylke med Sebastian Schläwicke i spissen vera med som matansvarleg.

Pressa inviterast til smaksverkstad

Den 24. oktober blir pressa inviterte med til eit eksklusivt «Smaksverkstad» på Ostra restaurant i Bergen der ein kan få møta alle deltakarane. Dette er ein sjeldan sjanse til å oppleva, intervjua og smaka på eit breitt spekter av lokale produkt før dei blir viste på verdsscena i Berlin.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.