Ny verdiskapingsrapport for jordbruket i Rogaland

Tomatar
Tomatar Foto: Anfinn Rosnes.

Store utfordringar for og endringar i jordbruksnæringa dei siste fem åra og eit utdatert talgrunnlag er grunnane til at ny rapport er etterspurt.

Publisert 12.06.2024

Rogaland bondelag har gjort avtale med Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) om å utarbeide ein ny verdiskapingsrapport for jordbruket i Rogaland. Arbeidet blir finansiert av midlar frå Regionale tilretteleggingstiltak (RT) og Rogaland landbruksselskap.

Arbeidet er initiert av Landbrukspartnarskapet i Rogaland, fordi rapporten vi har i dag er frå 2019 der tal er henta frå 2017.

Viktig kunnskapsgrunnlag

Verdiskapingsrapporten har vore hyppig brukt som eit viktig kunnskapsgrunnlag for ei viktig næring i Rogaland. Jordbruket og jordbruksbasert verksemd er viktig for sysselsetting og verdiskaping i mange av kommunane i Rogaland. Vi viser mellom anna til dette når vi i desse dagar gir vår uttale til kommunale planstrategiar. Målet med arbeidet er å få auka forståing og merksemd om dei store verdiane som er knytt til jordbruksnæringa.

Store endringar i næringa

Jordbruksnæringa har vore gjennom store utfordringar og endringar dei siste åra, særleg unntaksåra 2020 og 2021. Det er slik sett ekstra aktuelt å få fram nye tal. Ny rapport vil vere basert på tal frå 2022. Samstundes må vi vere merksame på at det ikkje er så enkelt å samanlikne resultatet mellom dei ulike år, i ei næring som er avhengig av mange faktorar i det enkelte år. Eksempelvis har vi hatt variasjonar i vêrtilhøve og tidvis store  prisvariasjonar på innsatsfaktorar.

Rapporten skal vere ferdig i september

Avtalen er at rapporten frå NIBIO skal vere ferdig i september 2024. Vi vil gå ut med informasjon straks rapporten ligg føre.

Hålandsvatnet får eigen verdiskapingsrapport

Ein verdiskapingsrapport for området rundt Hålandsvatnet er også bestilt, som ein del i prosjektet «Betre vasskvalitet i Hålandsvatnet». Hålandsvatnet slit med dårleg vasskvalitet og prosjektet er ei stor fellessatsing for å mobilisere fram fleire tiltak. Det er viktig å sjå landbruket sitt samfunnsbidrag i samanheng med miljøtiltaka. Rogaland bondelag har motteke midlar frå klima- og miljøprogrammet til denne rapporten.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.