Mjølkekvotar i Rogaland
Oppkjøpsordninga for kumjølk 2020 er avslutta. Oversikta viser at det er meldt inn 79 søknadar om sal av mjølkekvote frå Rogaland. Desse utgjer til saman vel 7 millionar liter, som er litt mindre enn avsatt til ordninga.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Kommuneoversikta viser at om lag 40 % av salet skjer i kommunane utanom dei sentrale områda på Jæren. Det er framleis mjølkeproduksjon i 22 av dei 23 kommunane i Rogaland.
Landbruks- og matdepartementet gjennomførte 2.april ekstraordinære kvotedrøftingar med Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag med det resultat at forholdstalet for disponibel kvote kumjølk blei heva frå 0,96 til 1,01 for 2020. Det betyr at det i Rogaland kan produserast om lag 14 millionar liter kumjølk meir enn først planlagt.
Då er det berre å håpa på gode beiter og store grasavlingar.