Matproduksjonen frå jordbruket i Rogaland var rekordhøg i 2021
Jordbruket i Rogaland hadde nok eit år med rekordhøg produksjon i 2021. Det gjeld spesielt produksjon av kjøt, korn og frukt.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Produksjon av mat er påverka av klima, og svingar naturleg frå år til år. For å sjå utviklinga er det best å sjå endringane over lengre tid. Statsforvaltaren i Rogaland har utarbeidd ei oversikt som går tilbake til 2006. I tillegg til dei biologiske forholda i naturen, påverkar markanden korleis bøndene agerer når dei skal gjere sine investeringar. På toppen av dette kjem satsingar der det offentlege stimulerer ekstra til satsing på einskilde produksjonar.
Framleis stor mjølkeproduksjon i distrikta
Over lang tid har det vore prioritert å oppretthalde mjølkeproduksjonen i distrikta for å unngå for stor sentralisering. Totalproduksjonen av mjølk har halde seg oppe, og flyttinga av produksjon frå distrikta til Jæren har bremsa opp. På grunn av kvoter som ikkje kan flyttast over fylkesgrensene, er det berre mindre svingingar i totalproduksjonen i fylket. Hadde det vore fritt kvotesal for heile landet ville nok mykje av mjølkeproduksjonen blitt flytta til Rogaland.
Satsing på fruktdyrking har gitt resultat
Dei siste åra har det blitt satsa på fruktproduksjon. Næringa var i ferd med å bli svært liten i fylket. Ei ny satsing frå styresmaktene for å stimulere til nyetablering og introduksjon av nye dyrkingsmetodar har ført til ei vesentleg auke i produksjonen dei siste åra. I 2011 var produksjonen rundt 300 000 kg frukt, medan det i 2021 var i underkant av 1 200 000 kg. Om lag ei firedobling av produksjonen på ti år. Dette er berre starten på veksten då mange av felta som er planta dei siste åra ikkje har kome opp i full produksjon ennå.
Auka produksjon av raudt kjøt
Marknaden spør etter stadig meir kvitt kjøtt, medan etterspurnaden etter raudt kjøtt har vore svakt nedgåande. Til trass for dette blei det ny produksjonsrekord for raudt kjøt i Rogaland i 2021. For fyrste gong blei det slakta meir enn 20 000 tonn. Etter ei flat utvikling fram til 2020 er det gledeleg at produksjonen nådde eit nytt toppnivå. Raudt kjøt kjem frå beitande dyr som storfe og sau. Beitedyr er særs viktige for å halde landskapet opent, og nytte ressursane på dei store beiteområda i fylket.
Produksjon av kvitt kjøt som kylling og gris har auka stabilt i heile tidsperioden, berre med mindre svingingar og totalt sett auka med 80% i tidsperioden. Her har det fyrst og fremst vore ein formidabel vekst i kyllingproduksjonen med 277%, som får veksten for svinekjøt på 25% til å bleikne. Produksjonen av kvitt kjøt er i all hovudsak baset på kraftfôr. Mykje av kraftfôret er avhengig av import av protein frå utlandet, og er derfor ikkje i like stor grad basert på norske ressursar. Mesteparten av karbohydratane kjem frå bygg og andre kornsortar frå Noreg som ikkje held god nok kvalitet som menneskemat. Proteindelen har derimot vore vanskeleg å finne i store nok kvanta i Noreg ,og har vore basert på import. Her jobbast det blant anna med å omdanna trevirke til proteinar som kan brukast i kraftfôrproduksjonen.
Også eggproduksjonen nådde nye høgder i 2021 med 18,3 millionar kg egg, ei auke på 24% samanlikna med 2006.
Meir korn
Kornproduksjonen i fylket er nå tilbake på same nivå som i 2006 etter å ha vore nede i ein bølgedal. Det blei hausta om lag 16,8 millionar kg korn i 2021, medan det i botnåret 2015 berre blei hausta om lag 5,8 millionar kg korn. Store avlingar med grovfôr i 2019 og 2020 gjorde det vanskeleg å få seld rundballar med grovfôr, og det blei meir attraktivt med korn. Dette er gledeleg då det aukar sjølvforsyninga med korn til kraftfôrproduksjonen. Bygg (87%) dominerer blant kornproduksjonen i Rogaland, men vi har også produksjon av havre (10%), kveite (2%) og rug.
Alt i alt blei 2021 eit toppår for matproduksjon i Rogaland. Med gode klimatiske forhold med lang vekstsesong, gode fagmiljø og ein produksjonsorientert kultur med stor vilje til å investera i framtidsretta produksjon, gjer at fylket gjer seg fortent til tillelen «Matfylket Rogaland».
Utviklinga framover
Utviklinga det neste tiåret vil bli påverka av marknad, klimaendringar og teknologisk utvikling. For å styrke merkevara «Matfylket Rogaland», er det satt opp ambisiøse mål for auke i produksjon og vidareforedlingsgrad, og dermed skape verdiskaping og arbeidsplassar lokalt.
For å få eit betre grunnlag for å følgje med på produksjon og vidareforedling har NIBIO fått i oppdrag om å kartlegga nåsituasjonen og oppdatera status med jamne mellomrom. Fyrste kartlegging blei publisert i 2021 i rapporten «Biomasseproduksjon og foredling fra jordbruket i Rogaland». I tillegg til volumtal for dei viktigaste produksjonane vil denne også ta for seg utviklinga i næringsmiddelindustrien for å få med seg heile næringa og ikkje berre sjølve primærproduksjonen. Her blir det nok mykje interessant lesing i åra som kjem.
Det er viktig å følgje utviklinga over tid for å filtrera vekk midlertidige svingingar som skuldast krig, straumpris, ekstremår i klimaet (mykje/lite nedbør) eller andre faktorar som kan slå kraftig inn på einskilde år, men ikkje på dei lange trendane.
Rogaland har mange fordeler i framtida med ein sterk kultur for innovasjon og vilje til å satsa og å ta risiko. I tillegg har vi gode klimatiske forhold for biomasseproduksjon. Når det offentlege, næringsmiddelindustrien og primærprodusentane drar lasset i lag vil næringa kunne utvikla seg til nye høgder framover.
Kontaktpersoner
-
Morten Svanes
Tlf: 51 56 89 74