Klimanøytral tomatproduksjon på Særheim
NIBIO Særheim skal bruke nær 20 millionar kroner til å forske på berekraftig produksjon av tomat i veksthus. Målet er å dyrke tomat heile året utan utslepp av CO2.
Prosjektet som blei presentert på Særheim 25. april 2024 har fått namnet EFREE-Green, som står for «Emission-free Greenhouse Production». Målet er å utvikle ein utsleppsfri veksthusproduksjon. 17 millionar kroner kjem frå Norges forskingsråd, medan resten er henta frå privat næringsliv.
Verda ser til Særheim
Det overordna målet med prosjektet, som blir leia av doktor Michel Verheul, er å auke sjølvforsyninga innan grøntsektoren. Det som skjer på Særheim er også av interesse internasjonalt, fordi vi i aukande grad ser utfordringar med matproduksjon. Prosjektet bygger vidare på det som er bygd opp i samarbeid med lokale GreenCap Solution. På sikt kan denne teknologien bli eksportvare.
Ny administrerande direktør i NIBIO, Ivar Horneland Kristensen, var til stades ved presentasjonen.
- Blir dette industrialisert, kan det vere med å endre standarden for produksjon av grønsaker. Ikkje berre i Noreg, men i heile verda, sa Kristensen.
Han peika også på at det var naturleg at slik teknologi blei utvikla i Rogaland, mellom anna med kunnskap frå oljeindustrien.
Vi ser fram til å følgje dette spanande prosjektet.
Kontaktpersoner
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13