Aukar verdiskapinga i landbruket?
Ny verdiskapingsrapport viser positive tal for Rogaland. Noko meir vil vi ikkje røpe før lanseringa den 3. desember kl 10.00 - 11.30 på Øksnevad vidaregåande skole.
Rogaland Bondelag vil i samarbeid med Landbrukspartnarskapet i Rogaland invitere til lansering av verdiskapingsrapporten «Verdiskaping i landbruk og landbruksbasert verksemd i Rogaland».
- 3. desember kl. 10:00 – 11:30 på Øksnevad vidaregåande skule, Jærvegen 990, 4351 Kleppe
Rapporten er utarbeida av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og Østlandsforskning. Førre rapport blei lansert i 2019.
Dei har berekna verdiskapinga i landbruket og gjort ei analyse av ringverknadene av landbruksproduksjon i fylket. I tillegg har dei laga eigne kommuneark som kan vere nyttig for kommunar og andre. Landbruket i Rogaland er viktigare en mange er klar over, noko rapporten vil stadfeste.
Program
- Opning ved May Endresen, Rogaland fylkeskommune og leiar av partnarskapet
- Presentasjon av rapporten ved Ståle Hustoft, Rogaland bondelag og landbruksdirektør Monica Dahlmo, Statsforvaltaren i Roagland
- Intervjurunde med aktørar i landbruket leia av Anfinn Rosnes, assisterande landbruksdirektør, Statsforvaltaren i Rogaland. I panelet:
- Bjørn Rygg, konsernsjef i BRI
- Kyrre Vasstveit, dagleg leiar i Agromiljø
- Peder Skåre, leiar for landbruksteamet i SpareBank 1 Sør -Norge
Du kan følgje lanseringa digitalt via Teams: Bli med i møtet nå
Det vil bli servering av kaffe og solskinsbollar. Gratis deltaking, inga påmelding.
Det er det regionale landbrukspartnarskapet som har bestilt rapporten og desse er Rogaland bondelag, Rogaland bonde- og småbrukarlag, Rogaland skognæringsforum, Rogaland fylkeskommune, Innovasjon Norge og Statsforvaltaren i Rogaland.
Rapporten er finansiert av Rogaland fylkeskommune og Rogaland landbruksselskap.
Kontaktpersoner
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66 -
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13