Smaksverkstad i Haugesund
Torsdag 11. april skal Ryfylkekokken Frode Selvaag briljere med sine kokkekunstar og ause ut av sin kunnskap om bruk av lokale råvarer til ivrige lokalmatentusiastar.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Vi inviterer matprodusentar/foredlarar og kokkar til ei matnyttig samling. Saman skal vi lage god og spennande mat av lokale råvarer og produkt. For riktig å la oss inspirere til å prøve nye smakar og nye produkt, så har vi lagt Smaksverkstaden til kokkekjøkkenet på Karmsund vidaregåande skule i Haugesund.
Vi startar dagen kl. 09.30 og sluttar ca. kl. 16.00.
Frode Selvaag har eit glødande engasjement for bruk av lokale råvarer. Han vil lære oss meir om fortrinn og kor viktig det er å bruke historia i formidling i bruk av lokal mat. Frode vil og gi nyttige tips i bruk av produkta og korleis ein meny bør presenterast for gjester.
Å styrke nettverket mellom produsentar og kokkar er nyttig og inspirerande for begge partar. For produsentar/foredlarar kan det vere verdifullt å sjå korleis kokkar lagar god og spennande mat av deira produkt. Kokkane på si side får viktig kunnskap om korleis produkta blir framstilt og behandla, og kva som er særpreget med mat produsert i regionen. Denne kunnskapen kan i ennå større grad brukast aktivt i marknadsføringa.
Vil du bidra til å utvikle matmangfaldet i Matfylket Rogaland? Meld deg på, med eller utan råvarer eller produkt.
Deltakaravgift: kr 900,-.
Prisen inkluderer kursavgift, mat, kaffe og mineralvatn. Dersom du er produsent, gi beskjed om råvarer/produkt du kan ta med (blir kjøpt inn av arrangør).
Bindande påmelding innan 3. april på e-post til eli.m.serigstad@fylkesmannen.no
Før opp namn, bedrift og fakturaadresse. Faktura vil bli sendt.
Ved spørsmål - ring Eli Munkeby Serigstad, telefon 41 41 85 10.
Arrangørar: Kompetansenettverk for lokalmat Sør, Bygdeutvikling Haugalandet, Haugaland Vekst og Fylkesmannen i Rogaland
For meir informasjon om sjølve opplegget, sjå invitasjonen oppe til høgre.