Fjordmenyar klare for Berlin
For tredje gong er dei fire fjordfylka på Vestlandet klare for felles satsing på mat- og reiselivsmessa "Grüne Woche" i Berlin 17. – 26. januar 2014.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
- Heile 17 bedrifter frå Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland skal ta med seg sine spesialitetar til Berlin. I går møttest fjordfylka på eit smaksverkstad i Bergen der råvarene blei testa ut og gruppa sveisa saman, opplyser prosjektleiar Kari Birgitte Melvær Wiig frå Måltidets Hus. Mo laksegard, Nesheimstunet, Hanasand gård & kjøkken og Lysefjorden sjokolade er matprodusentar frå Rogaland som skal delta på Grüne Woche.
Arbeidsgruppa for region Vestlandet består av representantar frå landbruksavdelingane hjå Fylkesmannen i Hordaland, Møre og Romsdal og Rogaland samt Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane og Rogaland, og Fjord Norge AS.
Link til deltakarar frå Rogaland:
http://www.molaks.no/
http://nesheimstunet.no/
http://www.hanasandgard.no/home
http://www.lysefjordensjokolade.no/
Fakta for Grüne Woche:
- Har 400-500.000 besøkande kvart år
- 5000 journalistar frå 70 land er venta til Berlin
- Noreg sin stand er på 350 kvm, og vi deltak for 27. gong
- Blir arrangert for 79. gong, og er eit internasjonalt samlingspunkt for mat og landbruk. I tillegg har hotell- og restaurantnæringane stort utbytte av å delta som ein del av reiselivsnæringa.