Verdiskaping i utmark - potensiale for grøn lønsemd

5 prosent prosent av Norge er bebygd eller opparbeida areal. 95 prosent er utmark. Bruk av landet er å bruke utmarka. NIBIO la nyleg fram ein rapport som viser det fotosyntesebaserte ressursgrunnlaget for verdiskaping i utmark. Dette er skogbruk, utmarksbeite, reindrift, jakt og fiske og høstingsbruk.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 24.11.2021

Vi treng god kunnskap om potensiale for verdiskaping i utmark. NIBIO-rapporten er den første som grundig greier ut temaet. Utmarka i Noreg kan gi meir enn 6 milliarder i førstehandsverdi i årleg verdiskaping, truleg meir. 3,8 mrd av dette kjem frå skogvirke.

Utmarksnæring har i uminnelege tider vore viktig for busetting, sysselsetting, næring, kultur og identitet for vårt fylket og folk i Rogaland.

Eit berekraftig og mangfoldig landbruk i Rogaland er avhengig av ei kunnskapsbasert og balansert forvaltning og bruk av utmarka.

Utnytting av beite og beitetrykk Rogaland

Samla beitetrykk frå husdyr i utmark utgjorde i 2019 om lag 2,8 mill saueeiningar. Snittet i landet er 22 sau per km2 nyttbart beite. Rogaland skil seg klart ut med 62 sau per km2. Rogaland skil seg òg tydeleg ut med 96 prosent utnytting av berekna tilgjengeleg beiteressurs nytta av husdyr i 2019. For heile landet er utnyttinga ikkje høgare enn 30 prosent. Tek me med hjortedyr kjem Rogaland ut med 107 prosent (!) utnytting, dvs -7 prosent ledig kapasitet i følgje NIBIO-rapporten (tabell 3.4 side 28). Det er likevel slik at det er stor variasjon i utnytting i vårt fylket, medrekna areal som kan nyttast meir og betre. Det er også slik at mange beitedyr i Rogaland vekslar mellom å gå på innmarksbeite og utmarksbeite. 

blobid2.png

Tabell: Figur 10.1 i rapport om "Verdikaping i utmark" NIBIO

Fotosyntesen er hovedgrunnlaget i verdiskapinga i utmark. Arealkonfliktar kan oppstå mellom desse aktivitetane, men også innafor kvar aktivitet.

blobid3.png

God kunnskap, gode relasjonar og dialog mellom næring, forvaltning og akademika, gir eit godt grunnlag for å handtere kryssande interesser og mål både i fag og politikk for arealbruken av utmark.

 

 

 

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.