Store verdiar i utmarka!
Rapporten «Arealregnskap for utmark - Arealstatistikk for Rogaland» frå desember 2019 gir oss mykje god kunnskap om utmarksressursane i Rogaland.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Her har ekspertar frå NIBIO gjennom ei utvalskartlegging, ein spesiell metode for tolking av kart, gjort eit omfattande arbeid. Alpin fukthei er den vanlegaste vegetasjonstypen i utmarka.
Ressursane varierer
Av rapporten går det fram at det er variasjon i vegetasjonstypar i utmarka, og at det beste jordsmonnet er i nord-aust i fylket. 75 prosent av arealet kan reknast som tilgjengeleg utmarksbeiteareal, 46 prosent av dette er godt beite og 6 prosent er svært godt beite.
Bruk av utmarka ein viktig tradisjon
Rogaland er eit fylke der heiaføring er ein viktig tradisjon, og mange av dyra beiter i Agder og Telemark. Med meir fokus på dyrehelse og klima er det å nytte utmarka blitt viktigare. Vi har lange tradisjonar for å ta sauene til heia, noko vi peika på i samband med NM i saueklipping i 2019. Rapporten som nå er laga gir oss god kunnskap om målretta bruk av beiteressursane i utmarka.
NIBIO sin rapport er vedlagt.
Kontaktpersoner
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13