Mattryggleik og beredskap
I Noreg arbeider me for å sikre at befolkninga til ei kvar tid har fysisk og økonomisk tilgong på mat som er trygg å ete. Dette skjer gjennom å sikre nasjonal produksjon, ivaretaking av produksjonsgrunnlaget og handel. Statsforvaltaren jobbar for å sjå til at kommunane oppfyller lovpålagte oppgåver og at dei overordna måla for landbrukspolitikken blir følgd.
I følge Riksrevisjonen sin rapport om mattryggleik og beredskap på landbruksområdet for 2023, er driveplikt det viktigaste verktøyet me har når det kjem til effektiv utnytting av jordbruksareal til produksjon av mat. Difor er det naudsynt at me har tal over kor mykje av jordareala som faktisk er i bruk, og at kommunane skal ha tilstrekkeleg med informasjon til å følgje opp driveplikta.
I eit forsøk på å skaffe disse tala sendte Riksrevisjonen ut ei kartleggingsundersøking til kommunane i Noreg angåande gjennomført arbeid med driveplikt og jordleige i kommunane. Der fekk dei informasjon om at 20% av jordbruksareala som ikkje er i bruk burde vært det, med tanke på den gode kvaliteten deira. Viss disse ikkje blir tatt i bruk er det stor risiko for at dei gror igjen og at det må til ein ressurskrevjande prosess for å få jorda sett i god stand igjen. Dette er ikkje ei ideell situasjon i tider med krise. Videre seier dei at oppfølginga av driveplikta gjort av Landbruks- og matdepartementet er for dårleg.
Kommunane har eit krav om å følgje opp driveplikta viss det er moglegheit for å drive areala med forteneste, enten kommunen sjølv eig areala eller leiger bort jorda. Dette er tidkrevjande for kommunane, og over halvparten seier at dei ikkje har nok verkemidlar for å følgje dette opp. Dette resulterar i at både lønnsam og ulønnsame jordbruksareal gror igjen. Det er difor satt i gang eit arbeid med ein rettleiar som skal hjelpe kommunane med korleis dei skal følgje opp brot på mellom anna jordlova i eit håp om å forbetre oppfølginga av driveplikta.
Driveplikta blir oppfylt ved at jordeigar leiger vekk jorda. Talet på leigejord er aukande, noko me ser ved at 54 % av jordbruksareala på landsbasis er leigejord. Det er mange positive effektar med leigejord, men det er funne at jordleige også kan ha negative konsekvensar for kvaliteten på jorda, då leigetakaren ikkje alltid har moglegheit til å ta vare på jorda gjennom langsiktige investeringar som til døme drenering.
Statsforvaltaren i Rogaland har gjennom verksemds- og økonomiinstruksa (VØI) ei bestilling frå Landbruks- og matdepartementet om å undersøkja tema innan eigedomslovgivinga i fylket annakvart år. Me sendte ut ei spørjeundersøking med hovudfokus på jordlova og temaet driveplikt og jordleige til kommunane i januar 2024. Funna frå undersøkinga vil me nytte i vår dialog med kommunane våre. Me vil kome tilbake med meir informasjon om denne undersøkinga.