Hugs teljedato og søknadsfrist for produksjonstilskot i mars!

Foto: Karianne F. Ingerød, Norsk Fjørfelag

1. mars er teljedato for dyr som skal registrerast i søknad om produksjonstilskot og avløysartilskot. Same dato opnar søknadssystemet, med søknadsfrist 15. mars.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 28.02.2024

Dyr som skal registrerast i søknad om produksjonstilskot- og avløysartilskot no i mars skal teljast 1. mars.

Søknadssystemet opnar 1. mars, og frå det tidspunktet fram til 15. mars kan du registrera opplysningar om dyretal og anna som skal med i søknaden i mars. Viss du har søkt innan 15. mars kan du gjere endringar i søknaden fram til 29. mars.

Hugs å sjå gjennom kvitteringa når søknaden er levert. Då kan du kontrollera om alle opplysningar har kome med, eller om noko er registrert feil i søknaden.

Du finn mer innformasjon om korleis du søkjar her!

Datoar du må hugse på!

Teljedato: 1. mars

Registrering av opplysningar: frå 1. mars

Søknadsfrist: 15. mars

Endringsfrist av søknad levert innan 15. mars: 29. mars

Ver merksam på at levering av søknad mellom 15. mars og 29. mars gjev trekk i utbetalinga med 1 000 kroner for kvar dag etter 15. mars! 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.