Fint besøk til Rogaland

Fylkesmannen i Rogaland har lagt til rette for ein fagtur for Landbrukspolitisk avdeling i landbruks- og matdepartementet (LMD) den 22. og 23.oktober.  Dei får ei brei innføring i det som rører seg innan landbruks- og matmiljøet i Rogaland.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 21.10.2019

Turen går til Ryfylke og Jæren. Dei startar hos Olav og Astrid Ravnås i Strand kommune, og skal vidare innom Joar Hauge og Atle og Bjørg Hauge i Hetlandsbygda. Deretter går turen til fruktpakkeriet i Årdal. Overnatting tysdag blir på Sola Strandhotell. Onsdag blir det ein tur på Jæren kor dei skal besøke Olav Røysland på Voll og vidare til Kviamarka med besøk hos Miljøgartneriet og Tine Meierier Jæren. Turen blir avslutta med lunsj hos Edestova på Klepp.

Stikkord for turen er mellom anna juletre, nytt ysteri, endring av verksemd frå pelsdyr til fruktproduksjon, biogass og berekraftig landbruk. Fylkesmannen vil og nytte høvet til å informere om dei utfordringane landbruket i Rogaland møter i åra framover. Det blir eit travelt program, vi har jo mye å vise av vårt aktive landbruksfylke.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner