Nyttig dialogmøte med kommunestyret i Strand 21. mars 2018
Fylkesmannen var invitert til dialogmøte med kommunestyret i Strand knytt til arealbruk og dispensasjonar. Det er vår vurdering at møtet var nyttig for politikarar i kommunen, det var også nyttig for oss å bli utfordra på kor lista skal leggjast når det gjeld nasjonale og regionale omsyn. I dette ligg også respekten for det lokale sjølvstyret.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Rogaland er kjent som eit fylke der det er omdisponert mykje god matjord, og for relativt mange inngrep i strandsona. Storparten av utbygginga skjer gjennom godkjent plan, men ein for stor del skjer også gjennom dispensasjon frå plan. Vern av matjord og strandsone er normalt spørsmål av nasjonal og regional interesse, og det skal her gode grunnar til avvik frå plan. Det var inngangen til innlegget frå Anfinn Rosnes frå Fylkesmannen.
Jordvern meir på dagsorden
Rosnes peika på at jordvern er kome meir på dagsorden den siste tida, m.a. ved at Stortinget har gjort vedtak om revisjon av nasjonal jordvernstrategi. Det ligg nå føre utkast til jordvernstrategi for Rogaland, som vil kome på høyring i desse dagar. Dette vil gjere at det vil vere auka fokus på jordvern også i enkeltsaker, noko også Strand kommune har registrert gjennom nylege klageavgjerder i dispensasjonssaker.
Lojalitet til plan er viktig
Strand kommune er ein av fleire kommunar med relativt mange dispensasjonssaker i område med byggeforbod. Vi er merksame på at det er vanskeleg å regulere omfanget av dispensasjonssaker, men det bør vere gjort kjend at det skal spesielle grunnar til å fråvike plan. Vi gav kommunen innspel om at meir av ressursane heller skulle vore brukte på dialog om planspørsmål, enn på avvik frå plan.
Vi tilbyr kompetansebygging og dialog
Fylkesmannen har som mål å ha ein god dialog med kommunane, og vi vil gjerne møte kommunestyre eller andre politiske utval i kommunane. Det er viktig at vi kan bygge kompetanse om utfordringar i kommunen, og kommunen kan få betre kunnskap om korleis vi tenkjer om arealbruk og andre fagområde.
Lysarka vi brukte i dialogmøtet med kommunestyret i Strand ligg i høgremargen.
Kontaktpersoner
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13