Landbrukskonferansen 2016

Hovudtittelen på konferansen er "Landbruk - varig næring og nye moglegheiter". Stikkord for konferansen er bioøkonomi, jordvern og utbygging i Matfylket Rogaland og det grøne skiftet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.02.2016

Landbrukskonferansen blir arrangert årleg, og er eit samarbeid mellom  Fylkesmannen i Rogaland, Rogaland fylkeskommune, KS Rogaland og Samarbeidsrådet. Årets konferanse finn stad onsdag 2. mars på Clarion Hotel Energy i Stavanger.

Bioøkonomi som bakteppe

Forskingsdirektør Nils Vagstad i Norsk institutt for Bioøkonomi (NIBIO), vil i eit innleiingsinnlegg snakke om korleis bioøkonomien gir nye moglegheiter i Rogaland. Med dette innlegget som bakteppe, vil det vidare programmet dreia seg om jordvern og nye moglegheiter.

Jordvern

Det er vedtatt ein ny nasjonal jordvernstrategi som har stramma inn det nasjonale jordvernmålet frå maksimalt 6000 dekar årleg nedbygging av dyrka jord til 4000 dekar. Kristine Enger, ordførar i Randaberg, og Jon Ola Syrstad, rådmann i Strand, skal snakka om korleis kommunane i Rogaland kan bidra til å nå det nasjonale målet. Fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal vil i sitt innlegg ta føre seg Regionalplan Jæren, og om denne planen er ein god jordvernplan. Lisa Steinnes Rø frå Statens vegvesen vil fortelja om eit pilotprosjekt frå Akershus der ein dyrker opp ny jord som kompensasjonstiltak ved vegbygging.

Nye moglegheiter i landbruket og det grøne skiftet

Etter lunsj vil temaet vere nye moglegheiter i landbruket og det grøne skiftet. Vil vil få to døme på andelslandbruk. Kristin Weel Sundby, forskar hjå Borregaard, vil snakka om alt som kan lagast av skogen. Vidare vil Audun Korsæth frå NIBIO fortelja om ny teknologi i landbruket, medan Marareth Øvreland i Foods of Norway skal snakka om forskningsdriven innovasjon og matproduksjon.

Målgruppe

Målgruppa for konferansen er politikarar, næringsutøvarar, landbruksforvaltninga og andre med interesse for landbruk og landbrukspolitikk.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Dokumenter