Høyring - flytting av myndigheit frå kommunen til Statsforvaltaren

Landbruks- og matdepartementet har 21.12.2022 send på høyring forslag til endringar i forskrift som gjer at avgjerd om konsesjon til aksjeselskap blir flytta frå kommunen til Statsforvalteren.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Forslaget om å endre forskrift om overføring av myndighet til kommunene m.fl er ei oppfølging av Hurdalsplattforma.
Personleg eigarskap viktig i landbruket
Regjeringa ønskjer at landbruksressursane blir haldne i hevd, og at det er personleg eigarskap til jord- og skogeiedommar. Eigarskap gjennom aksjeselskap er ikkje ønskeleg. Det er relativt få konsesjonssaker i kommunane der aksjeselskap er søkjar, og departementet peikar på at det er viktig å ha lik praktisering i slike saker. Vidare meiner dei det vil vere lettare for Statsforvalteren å bygge kompetanse på dette feltet. Høyringsfristen er 21.03.2023, og meir informasjon om saka finn du på nettsida til LMD.