Har kommunane i Rogaland kontroll på oppfølging av driveplikta?
Statsforvaltaren i Rogaland har gjennomført ei spørje-undersøking hjå kommunal landbruksforvaltning om ulike tilhøve innanfor forvaltning av regelverket i jordlova, med særleg fokus på oppfølging av driveplikta.
Oppdrag
Gjennom vår verksemds- og økonomiinstruks har Statsforvaltaren fått følgjande oppdrag:
«Statsforvalteren skal gjennomføre en temabasert kartlegging og utredning innen eiendoms-lovgivningen annethvert år. Det skal tas utgangspunkt i tema etter jord- og konsesjonsloven hvor det er størst utfordringer i eget fylke. Arbeidet skal bidra til bedre kunnskap om hvordan regelverket forvaltes i kommunene, om regelverket følges, og hvordan det kan gjøres forbedringer m.v.»
I år valte me å sjå nærare på driveplikta. I dette ligg også kva slags rutinar og system kommunane har for å handtere leigeavtalane som skal liggje til grunn der driveplikta skjer ved bortleige av jord. Bakgrunnen for vårt val av tema var mellom anna Riksrevisjonen sin rapport om «Matsikkerhet og beredskap på landbruksområdet» frå oktober 2023.
Riksrevisjonen peika mellom anna på at arealressursane i jordbruket ikkje blir forvalta på ein fullt ut berekraftig måte, jf. kapittel 4.3. Bakgrunnen for denne konklusjonen var knytt opp til låg dreneringsaktivitet, omdisponering av betydelege jordbruksareal, at store jordbruksareal ikkje er i drift og at oppfølging av driveplikta er for dårleg. Det blei også framheva at det var svakheiter ved bruken av verkemidla som skal ivareta dyrka og dyrkbar jord. I tillegg har det vore to saker knytt til leigeavtalar etter jordlova § 8, 2. ledd i rettsapparatet dei siste åra som er interessante, høvesvis HR-2023-2167-A og LE-2022-61700.
Korleis er status i Rogaland?
Med dette som bakgrunn ønskte me å kartleggje koss det står til i Rogaland. Me får ein del statistikk kvart år gjennom KOSTRA og gjennom vår kontakt med kommunal landbruksforvaltning. No gjekk me meir konkret til verks. Og til å hjelpe oss hadde me ein praksisstudent frå UiS til å gjennomføre sjølve undersøkinga.
Leigejord og omfang av leigeavtaler
20 av 23 kommunar svarte på undersøkinga. Det er eit stort spenn på kor mange leigeavtalar kommunane får tilsendt kvart år. Dei fleste ligg i sjiktet 10-15 avtalar årleg, men det varierar frå ingen til heile 37 avtalar på eitt år. Kommunane melder at dei sjekkar at avtalane følgjer opp krava i lova om å vere skriftlege, med 10 års varigheit, ikkje kan seiast opp av eigar og fører til ei driftsmessig god løysing. Det blir gjort same vurderingar både for fulldyrka mark og innmarksbeite.
Gjennomsnittet på leigejord for Rogaland ligg for 2023 på 38 %, men det er basert på tal for produksjonstilskotssystemet, og gjeld berre areal som kvalifiserer for produksjonstilskot. Det er likevel kommunar som har tal på leigejord opp i 60 %. I følgje tal frå SSB (Statistikkbanken 12658: Jordleige) hadde 57 % av alle jordbruksføretak i Rogaland leigejord som del av si drift i 2022.
Vedlikehald leigejord kontra eigd jord
På spørsmålet om kor vidt kommunane har inntrykk av om leigejord blir dårlegare vedlikehalde enn eigd jord, svarar ¾ av kommunane at det er deira oppfatning. Gjennomgåande er dette knytt til dårlegare drenering, manglande vedlikehald av gjerder, at leigejord blir nedprioritert når det gjeld grøfting og at ugras ikkje blir nedkjempa på same måte på eigd jord.
Nokre peikar likevel på at det i enkelte område er såpass rift om areala, at om areala ikkje blir drive ordentleg, så kan leigetakar diskvalifisere seg som vidare leigetakar eller som framtidig kjøpar om jorda kjem for sal.
Desse svara er langt på veg samsvarande med dei nasjonale funna, jf. Riksrevisjonens rapport, der omsynet rundt drenering og investeringskostnaden er omtala i kap. 4.3.1. På nasjonalt nivå skriv Riksrevisjonen at 50 % av alt landbruksareal er leigd, og at berre 30 % av drenerings-aktiviteten skjer på leigd jord. Snittet for leigejord i Rogaland ligg som nemnd for 2023 på 38 %. Tala me har frå ordninga med dreneringstilskot syner at det skjer vesentleg mindre drenerings-tiltak på leigd jord enn på eigd jord.
Oppfølging driveplikta
Spørjeundersøkinga avdekker elles at det er veldig få saker knytt til brot på driveplikt i kommunane våre. Det kan skuldast at kommunane er flinke til å rettleie eigarar og leigetakarane om dei lovfesta krava. Men at det berre har vore ei sak i 20 kommunar dei seinaste 2 år der manglande leigeavtale har blitt behandla som brot på driveplikta, kan tale for at det er heilt rett som kommunane svarer – det er lite ressursar til å følgje dette opp. Av alt eit kommunalt landbrukskontor skal gjere, er ikkje kontroll av desse leigekontraktane det som er høgast på prioriteringslista. Tal frå NIBIO over jordbruksareal som kan vere ute av drift, syner også at Rogaland totalt sett, og i eit nasjonalt perspektiv, har lite jordbruksareal ute av drift, med 4,5 % i 2020 og 6,1 % i 2022 i snitt. Einskilde kommunar har derimot eit ganske høgt tal.
Kommunane uttrykker at det er lettare å følgje opp med trekk i produksjonstilskot enn å vurdere misleghald av driveplikta etter jordlova. Dette skuldast nok at det er tydelegare definerte krav til å kvalifisere for produksjonstilskot etter produksjonstilskotsforskrifta og tilhøyrande rundskriv og rettleiing enn kva som ligg i å oppfylle driveplikta. Sistnemnde er definert i rundskriv M-2/2021 kapittel 7.
Halvparten av kommunane svarer at dei har eit system for korleis dei følgjer opp leigeavtaler, rettleiar nye eigarar av landbrukseigedom og følgjer moglege brot på driveplikta og får inn leigeavtalar. Statsforvaltaren hadde ei digital samling for kommunane om resultata av spørjeundersøkinga den 19.04.24, der erfaringsutveksling kring ulike måtar å følgje dette opp var naturleg tema. Kartverktøyet til NIBIO Kilden over Jordbruksareal som kan vere ute av drift, der søknad om produksjonstilskot blir kopla mot AR5, er eit døme på digitalt verktøy som kan nyttast.
Kommunane som eigar av landbrukseigedom
Ein del av spørjeundersøking gjekk også på kommunen som eigar av landbrukseigedom. 19 av 20 kommunar svarte at kommunen eig landbrukseigedom i ei eller anna form. Sandnes og Stavanger skil seg klårt ut både på tal eigedomar og areal. Undersøkinga avdekka at altfor mange kommunar handterer desse leigeavtalene der kommunen er eigar i «eige hus», der ulike avdelingar som til dømes juridisk, park- og anlegg eller så vel kommunale føretak inngår leigeavtale som landbrukssektor deretter godkjenner eller arkiverer. Det følgjer av forskrift til jordlova (FOR-2003-08-1479) § 1 og rundskrivet til jordlova kapitel 2.1.1 at kommunen ikkje kan avgjere saker kor han sjølv er part eller har anna tilknyting til eigedomen. Statsforvaltaren vil i etterkant av undersøkinga sende eit skriv til kommunane i Rogaland om dette. Desse sakene må, i likskap med samtykke til eigenfråsegn knytt til konsesjonssaker der kommunen er part, sendast Statsforvaltaren som førsteinstans.
Sanksjonsrettleiar
Landbruksdirektoratet har i 2024 fått i oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet å utarbeide rettleiing for bruk av sanksjonar etter konsesjonslova, jordlova og skogbrukslova. Føremålet er å gje kommunane og Statsforvaltarane eit meir effektivt verktøy enn i dag for å følgje opp lovbrot. Direktoratet er i gang med arbeidet. Me vil følgje opp med eigen nettsak og rettleiing mot kommunane når dette arbeidet er ferdig.