Priskontrollen gjeld framleis
Tysdag 16. februar behandla Stortinget Landbruks- og matdepartementet sitt forslag om endringar i konsesjonslova og tvangsfullbyrdingslova (oppheving av priskontroll).
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
I forkant av behandlinga i Stortinget blei saka behandla i næringskomiteen. Næringskomiteen gav ei innstilling til Stortinget der fleirtalet i komiteen tilrådde at Stortinget sendte saka tilbake til regjeringa for utgreiing av fleire punkt, og at regjeringa legg fram ein ny proposisjon om endringar i konsesjonslova og tvangsfullbyrdingslova. I tillegg blei det tilrådd at Stortinget ber regjeringa om å presisere overfor landbruksforvaltninga at konsesjonslova si føresegn om priskontroll skal følgjast. Fleirtalet i Stortinget stemte for næringskomiteen si innstilling.
Næringskomiteen si tilråding, som fekk tilslutning frå Stortinget, inneheld blant anna at regjeringa blir bedt om å:
- fastsette at det ikkje skal vere priskontroll ved overtaking av ein eigedom med bustadhus, med mindre overdragingssummen overstig 3,5 mill. kroner.
- kome tilbake til Stortinget med forslag til korleis priskontrollen på reine skogeigedomar kan opphevast.
- kome tilbake til Stortinget med forslag om nødvendig lovendring om å heve arealgrensene for konsesjonsplikt ved erverv av bebygd eigedom og lovbestemt buplikt til 35 dekar fulldyrka eller overflatedyrka jord.
- kome tilbake til Stortinget med forslag om at arealgrensa endrast tilsvarande for odlingsjord etter odelslova § 2.
- foreta ei vurdering av om avgrensinga av beløpsgrenser og arealgrenser for praktisering av priskontroll bør fastsettast i ei forskrift, og ber i tilfelle regjeringa kome tilbake til Stortinget med forslag om å innføre ein slik forskriftsheimel i konsesjonslova.
- vurdere korleis produktive jord- og skogbruksareal på ein eigedom kan bli overdratt som tilleggsjord til eigedomar som har tilstøytande grenser, ligg i nærleiken av, og/eller forpaktast, utan at det skal vere nødvendig å søkje samtykke til deling eller konsesjon. Stortinget ber regjeringa kome tilbake til Stortinget med forslag om ei slik endring.
- greia ut reglar som gjer at skogen på kombinerte jord- og skogeigedomar kan bli unntatt frå priskontroll, og kome tilbake til Stortinget med forslag til endra reglar.
Fakta om priskontrollen
Regjeringa la i 2014 fram forslag om å oppheve priskontrollen ved sal av landbrukseigedom.
Priskontrollen er nedfelt i konsesjonslova § 9. Målet med priskontrollen er å sikre rekruttering til næringa, sikre eigarskap som gir grunnlag for langsiktig god ressursforvaltning, og sikre at den som overtar landbrukseigedom skal betale ein pris som gir moglegheit for ein brukbar økonomi ved drift av eigedomen.
Ved kjøp av bebygd landbrukseigedom er det i dag priskontroll viss eigedomen har meir enn 25 dekar fulldyrka eller overflatedyrka jord og/eller 500 dekar produktiv skog, og eigedomen skal nyttast til landbruksformål. Dersom eigedomen har eit bustadhus i brukbar stand er det likevel berre priskontroll dersom prisen er over 2,5 mill. kroner.