Sandnes foreslår endringar i tilleggshøyring av kommuneplanen
Fleire av Fylkesmannen sine motsegner frå høyringa tidlegare i haust er løyst om justeringane blir gjennomført som foreslått. Ein del arealforslag er framleis i konflikt med nasjonale føringar knytt til samordna areal- og transportplanlegging, strandsone og jordvern.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Fylkesmannen er positiv til føreslegne endringar i samfunnsdelen og handlingsdelen. Kommunen har foreslått ny tekst om folkehelsearbeidet, naturmangfald og friluftsliv som bidrar til å fremme desse føremåla.
Nokre motsegner løyst
Sandnes kjem fleire av våre motsegner frå høyringa tidlegare i haust i møte ved at ein del føreslegne utbyggingsområde er tatt ut i tilleggshøyringa. Dette gjeld blant anna fleire bustadområde på Hommersåk, eitt bustadområde på Austrått og Brattebø Sør. Med føresetnad av at dei aktuelle arealforslaga ikkje blir tatt inn i endeleg kommuneplan, trekkjer Fylkesmannen desse motsegnene.
Framleis konflikt med nasjonal politikk
Sjølv om kommunen har justert fleire arealforslag etter førre høyring har Fylkesmannen framleis ståande motsegner til ei rekke av desse. Det gjeld blant anna det mykje omtala forslaget om utbygging av bustader og næringsareal på Stokkeland, som blant anna utfordrar nasjonalt viktige interesser knytt til jordvern.
Sandnes og Fylkesmannen vil halde fram med dialogen om kommuneplanen med påfølgande drøftingsmøte og eventuell mekling.